Telefonvarsling til innbyggarane
Når viktig informasjon må ut raskt, vil Ålesund kommune sende deg eit varsel på telefon. Varsling skjer ved at det blir sendt ut ein SMS til mobiltelefonar, og ei talemelding til dei som berre er registrert med fasttelefon.
Adressebasert varsling
Adressebasert varsling kan til dømes skje:
- ved evakuering
- når du må koke vatnet
- ved vassbrot
Du kan sjekke om du blir varsla og finne meir informasjon om adressebasert varsling her:
Les meir om adressebasert varslingssystem
Flyalarm (tyfon)
Sivilforsvaret har sireneanlegg (tyfonar) for varsling av befolkninga ved akutt fare. I fredstid kan slik varsling vere aktuelt ved gassutslepp frå industri eller dambrot i vassmagasin. I krig kan varslingsanlegga brukast ved fare for flyangrep. Les meir om Sivilforsvaret si varsling av befolkninga her.
Sist endra 04.06.2024 11.27