Har du ledig bustad til flyktningar?
Ålesund kommune held på å kartlegge bustadar som kan passe til busetting av flyktningar. Vi er interesserte i bustader frå heile kommunen.
Dersom ein bustad er aktuell, gjennomfører vi ei synfaring saman med brannvesenet og personell frå Ålesund kommunale eigedom (ÅKE) for å kontrollere at bustaden er i god stand og er godkjent for utleige. Kommunen vil ta kontakt dersom det er behov for å leige bustaden din.
- Dei mest aktuelle bustadane har mellom 1 til 4 soverom og stove, kjøkken og bad.
- Treng ikkje vere møblert.
- Utleigeprisen må ikkje overstige marknadsprisen.
Registrer deg og bustaden din
Har du spørsmål kontakt 48 09 83 32 eller e-post bosettingsteam@alesund.kommune.no
Ønsker du å hjelpe som frivillig?
Frivilligsentralane har oppretta ei arrangørside på Friskus. Det vil hjelpe oss å få ei oversikt over kven vi har med på laget. Døme på oppgåve som kan trengast hjelp til er:
- fadder/støtteperson
- praktisk hjelp
- språkhjelp/oversetter
- hjelp til å bli kjent i lokalsamfunnet
Meld deg til å hjelpe