Lytt til offentlege kjelder
Ålesund kommune har som mål at du skal få all relevant informasjon om ei krise som gjeld oss på våre nettsider. Vårt råd er derfor å alltid gå til alesund.kommune.no om ei krise oppstår.
Informasjon herifrå vil vi dele i og med andre kanalar. Sentralt her er Facebook, redaktørstyrte medier og brukarsystem (som skule- og barnehageportalen IST Home).
Varsling på SMS frå kommunen
Når viktig informasjon må ut raskt, vil Ålesund kommune sende deg eit varsel på telefon. Varsling skjer ved at det blir sendt ut ein SMS til mobiltelefonar, og ei talemelding til dei som berre er registrert med fasttelefon.
Adressebasert varsling kan til dømes skje:
Eg får ikkje varsling?
Det kan vere fordi kommunen ikkje har rett informasjon om kvar du er tilkopla kommunalt leidningsnett eller at telefonnummeret ikkje er registrert på rett adresse. Det kan skje om du har telefon som er registrert på arbeidsgjevar eller bur på ei anna adresse enn der telefonen er registrert.
Sjekk om du er registrert for varsling på Varslemeg.no.
Flyalarm (tyfon)
Sivilforsvaret har sireneanlegg (tyfonar) for varsling av befolkninga ved akutt fare. I fredstid kan slik varsling vere aktuelt ved gassutslepp frå industri eller dambrot i vassmagasin. I krig kan varslingsanlegga brukast ved fare for flyangrep. Les meir om Sivilforsvaret si varsling av befolkninga.
Nødvarsel på mobil
Nødvarsel er ei teneste frå norske styresmakter. Ved ein alvorleg situasjon med akutt fare for liv og helse, kan du få eit nødvarsel til mobiltelefonen din. Det føreset at du har 4G- eller 5G-dekning.
Les meir på nordvarsel.no.
Dersom internett og telefon ikkje fungerer
Ved straumbrot eller manglande nettilgang er det viktig å vite kvar du får informasjon frå kommunen, og kor du kan melde frå om du treng hjelp. Når kriseledelsen bestemmer det, blir innbyggartorga våre gjort om til informasjonspunkt. Dette er innbyggartorga våre:
- Ålesund rådhus
- Innbyggartorget på Skodje
- Innbyggartorget på Sjøholt
- Innbyggartorget på Steinshamn
Informasjonspunkta vil vere merka med skilt ved inngangen.

Meir informasjon