Fyrverkeri i Ålesund kommuneAll bruk av fyrverkeri er søknadspliktig, bortsett frå på nyttårsaftan. Det er totalforbod mot fyrverkeri i område der det er tett med trehus, som store delar av Aspøya, delar av Nørvøya og i ei sone på Ona/Husøya.Forbodssone i Ålesund sentrumNår er det lov å bruke fyrverkeri?Uten særskilt løyve er oppskyting av fyrverkeri berre tillate kl. 20 - 01 på nyttårsaften i Ålesund kommune. Dette er heimla i politivedtektene for Ålesund kommune. ForbodssonerI Ålesund kommune er det fleire soner der bruk av fyrverkeri er totalforbode. Hensikta er å verne verneverdig tett trehusbusetnad mot brann. Kommunestyret vedtok 9. 12.2021 Forskrift om forbod mot bruk av fyrverkeri i tette trehusomrade i Ålesund kommune (PDF, 426 kB).Forbodet gjeld på store delar av Aspøya, på delar av Nørvøya og i ei sone på Ona og Husøya, slik det går fram av karta i vedlegget Forbodssoner fyrverkeri Ålesund kommune (PDF, 169 kB)Her er sakene som ligg til grunn for vedtaket om ei slik forskrift:Kommunestyresak 27.5.21 om forbod mot fyrverkeri i tette trehusområde i ÅlesundVedtak i sak 247/21 Forskrift om forbod om bruk av fyrverkeri, Ålesund kommunestyre 09.12.2021Sal og oppbevaring av fyrverkeriSkal du sende opp fyrverkeri eller avfyre pyrotekniske effektar på arrangement, må du søke om løyve til dette frå Ålesund brannvesen. Forbrukarar har berre høve til å avfyre markfyrverkeri kategori II og III.Les meir om sal og oppbevaring av fyrverkeri/pyroteknisk vare (aabv.no) Sist endra 03.12.2024 14.13