Ikkje mat fuglar!
Kommunen oppmodar også folk om å ikkje mate fuglar på plassar som til døme Lillevannet i Spjelkavika med meir, og vil henge opp plakat om dette.
Kva skal du gjere om du finn ein død fugl?
Om du oppdagar døde eller sjuke fuglar og andre dyr, og mistenker fugleinfluensa skal du melde frå til Mattilsynet.
Meld frå til Mattilsynet her
Om du som vaksen innbyggar kjem over ein død fugl kan du nytte plasthanskar og legge den i ein dobbel avfallspose og kaste den i restavfallet.
Du kan lese meir om tiltak som kan førebygge smittespreiing på Mattilsynet sine sider.
Kan fuglar smitte menneske?
Folkehelseinstituttet vurderar smitterisiko til menneske som svært låg, men som eit føre-var-prinsipp anbefaler dei nokre forholdsreglar.
Det finnes mange ulike influensavirus blant fuglar, virusa kan endre seg rakt og kunnskapen om desse er begrensa. Difor anbefaler Folkehelseinstituttet nokre enkel råd for å førebygge smitte.
Råd for å førebygge smitte
- Ikkje ta på sjuke eller døde fuglar eller andre dyr der det er mistanke om smitte
- Vask hendene med såpe og vatn etter kontakt med fugl, avføring frå fugl eller utstyr som har vore i kontakt med fugl
- Varsle Mattilsynet ved mistanke om fugleinfluensa hjå fuglar og andre dyr
- Kontakt lege dersom du har hatt kontakt med fugl eller andre dyr med mistenkt eller bekrefta smitte. Dette er spesielt viktig om du utviklar influensaliknande symptom (som t.d. feber og hoste), augekatarr, oppkast, diaré eller alvorleg sjukdom dei ti påfølgande dagane)
- Hundar og kattar bør haldast vekk frå sjuke og døde fuglar
- Yrkesutsatte grupper bør bruke personleg verneutstyr.
Aktuelle lenke