Fugleinfluensa

I regionen vår har det kun vore nokre få tilfelle av fugleinfluensa. Risiko for overføring av smitte frå fugl til menneske er vurdert til svært låg, men vi bør likevel følge nokre enkle råd for å førebygge smitte. 

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Ikkje mat fuglar!  

Kommunen oppmodar også folk om å ikkje mate fuglar på plassar som til døme Lillevannet i Spjelkavika med meir, og vil henge opp plakat om dette.  

Kva skal du gjere om du finn ein død fugl?  

Om du som vaksen innbyggar kjem over ein død fugl kan du nytte plasthanskar og legge den i ein dobbel avfallspose og kaste den i restavfallet. Ved større funn av døde fuglar skal dette meldast inn til Mattilsynet.  Slik gjer du det:

Om du oppdagar døde eller sjuke fuglar og andre dyr, og mistenker fugleinfluensa skal du melde frå til Mattilsynet. Mattilsynet har mange tiltak som kan vere med på å førebygge smittespreiing. Dette kan du lese meir om på Mattilsynet sine sider. 

Ta kontakt med Mattilsynet om du finn død fugl av følgande artar:

  • andefuglar (ender, gås og svaner)
  • havsuler
  • måkefuglar
  • vadarar
  • rovfuglar (spesielt ørn og musvåk)
  • åtseletarar (kråkefuglar)
  • småfugl (berre ved mange døde fuglar på eit lite område)

Send e-post til: innmelding.fugleinfluensa@mattilsynet.no
Les meir om varsling til Mattilsynet på mattilsynet.no

Kan fuglar smitte menneske?

Folkehelseinstituttet vurderar smitterisiko til menneske som svært låg, men som eit føre-var-prinsipp anbefaler dei nokre forholdsreglar. 
Det finnes mange ulike influensavirus blant fuglar, virusa kan endre seg rakt og kunnskapen om desse er begrensa. Difor anbefaler Folkehelseinstituttet nokre enkel råd for å førebygge smitte.

Råd for å førebygge smitte

  • Ikkje ta på sjuke eller døde fuglar eller andre dyr der det er mistanke om smitte
  • Vask hendene med såpe og vatn etter kontakt med fugl, avføring frå fugl eller utstyr som har vore i kontakt med fugl
  • Varsle Mattilsynet ved mistanke om fugleinfluensa hjå fuglar og andre dyr
  • Kontakt lege dersom du har hatt kontakt med fugl eller andre dyr med mistenkt eller bekrefta smitte. Dette er spesielt viktig om du utviklar influensaliknande symptom (som t.d. feber og hoste), augekatarr, oppkast, diaré eller alvorleg sjukdom dei 10 påfølgande dagane)
  • Hundar og kattar bør haldast vekk frå sjuke og døde fuglar
  • Yrkesutsatte grupper bør bruke personleg verneutstyr.

Aktuelle lenke