Dersom ei hending utgjer fare for liv og helse i eit område, kan politiet beslutte å evakuere innbyggjarar. Ved ei evakuering har kommunen ansvar for å gi nødvendig helsehjelp, omsorg og sosiale tenester til dei evakuerte og deira pårørande.
Når kan evakuering bli aktuelt?
Evakuering kan vere nødvendig ved hendingar som:
- brann
- utslepp av farlege stoff eller gassar
- eksplosjonsfare
- flaum
- skred
- andre alvorlege ulukker eller kriser
Politiet vurderer behovet for evakuering i samarbeid med andre myndigheiter og fagmiljø. Dei det gjeld vil bli varsla om dette. Det kan skje på ulike måter, som direkte beskjed, SMS, kommunen si nettside, politiloggen og via lokale media.
Dette bør du gjere ved evakuering
Dersom du får beskjed om å evakuere:
- følg dei instruksjonane og råda du får frå politiet og andre styresmakter
- forlat bustaden så raskt som mogleg
- slå av komfyr og anna elektrisk utstyr som kan utgjere ein risiko
- lukk vindauge og lås døra
Du har ansvar for å ta vare på deg sjølv og familien din så langt det let seg gjere. Dersom du kan bør du sjølv sørgje for transport, opphaldsstad og mat. Kommunen vil prioritere hjelp til personar som ikkje kan evakuere på eiga hand, til dømes personar med helseutfordringar eller behov for kommunale tenester.
Kvar kan du dra?
Som ein del av eigenberedskapen bør du ha tenkt gjennom på førehand kvar du kan opphalde deg dersom du må forlate heimen. Det kan vere:
- familie eller venner
- fritidsbustad
- annan trygg stad utanfor det råka området
- evakuerte- og pårørandesenter
Dersom du brukar bil, bør du sørgje for å ha nok drivstoff eller straum på batteriet. Rekn med at trafikken kan vere tett og framkomelegheita redusert i ei krisesituasjon.
Kva bør du ta med?
Dersom du må evakuere, bør du ta med det viktigaste du treng dei første dagane:
- legitimasjon (pass, nasjonalt ID-kort eller førarkort)
- mobiltelefon, ladar og eventuell powerbank
- medisinar og nødvendig medisinsk utstyr
- klede og toalettsaker for minst tre dagar
- varme klede eller teppe
- litt mat og drikke
- utstyr til sped- og småbarn dersom det er aktuelt
Dette vil gjere deg betre rusta dersom det tek tid før du kan reise heim att.
Kommunen sitt ansvar
Kommunen skal bidra til å ta vare på innbyggjarar og andre som oppheld seg i kommunen under ei krise. Ved ei evakuering kan kommunen:
- hjelpe personar som ikkje kan evakuere på eiga hand
- sørgje for mellombels innkvartering når det er nødvendig
- tilby helse- og omsorgstenester
- gi informasjon og støtte til evakuerte og pårørande
Kommunen samarbeider tett med politi, naudetatar og frivillige organisasjonar ved større hendingar.
Evakuerte- og pårørandesenter (EPS)
Ved større hendingar kan det bli oppretta eit evakuerte- og pårørandesenter (EPS). Her kan evakuerte og pårørande få informasjon, praktisk hjelp, omsorg og oppfølging i den akutte fasen av hendinga. Det kan også vere mogleg å snakke med helsepersonell ved behov.
For personar som ikkje har andre alternativ, kan EPS tilby mellombels overnatting og enkel servering. Kommunen vil informere om kvar EPS er oppretta dersom det blir aktuelt.
Husdyr kan ikkje takast med til EPS, med unntak av førarhund.
Sjå korleis du får informasjon under ei krise.