Siste nytt om øvinga

Her kjem informasjon til dei som deltek i beredskapsøvinga 12. oktober 2026. 

Stor beredskapsøving pågår i dag

I dag gjennomfører Ålesund kommune, saman med Giske kommune, Sula kommune, Haram kommune og Fjord kommune, ei stor beredskapsøving der kommunane øver på å handtere ei realistisk evakueringssituasjon. Øvinga går føre seg mellom kl. 16.00 og 21.00 og testar drifta av eit evakuerte- og pårørandesenter (EPS).

Under øvinga blir samhandling, informasjonsflyt og ivaretaking av evakuerte og pårørande sett på prøve. Frivillige deltakarar bidreg til å gjere scenarioet mest mogleg realistisk, slik at kommunane kan teste og vidareutvikle rutinar og planverk.

Øvinga er ein del av Totalforsvarsåret 2026 og skal styrkje den lokale og regionale beredskapen gjennom samarbeid på tvers av kommunar og aktørar.