Konsesjon og konsesjonsfridom

Kommunen er konsesjonsstyresmakt for dei fleste eigedomsoverdragingane etter konsesjonsloven

Konsesjon

Dersom ervervet er konsesjonspliktig, må det søkast konsesjon på skjemaet:
Søknad om konsesjon på erverv av fast eigendom mv. - skjema LDIR-359. 

Skjemaet skal sendast i original til: 
Ålesund kommune, Postboks 1521, 6025 Ålesund. 

Skjemaet kan også leverast til eit av innbyggartorga i Ålesund kommune:

Kontaktinformasjon for innbyggartorga i kommunen
StadTelefonnummerAdresseOpningstider
Innbyggartorget i Ålesund70 16 20 00Keiser Wilhelmsgate 11, 6003 Ålesundman - fre: 09.00 - 15.30
Innbyggartorget på Skodje70 24 40 00Nihusvegen 3, 6260 Skodjeman - fre: 09.00-14.30 (stengt 11.30-12.00)
Innbyggartorget på Sjøholt70 16 59 00Øyravegen 11, 6240 Ørskogman - fre: 09.00-14.30 (stengt 11.30-12.00)
Innbyggartorget på Steinshamn70 16 57 00Austrevegen 15, 6296 Harøyman - tors: 09.00-14.30 (stengt 11.30-12.00)


Saksbehandlingsgebyr skal vere betalt før søknaden blir behandla. 

Spørsmål vedkomande erverv av eigedom som krev konsesjonsvedtak rettast til landbrukskontoret på Haram.

Konsesjonsfridom

Dei aller fleste eigedomsoverdragingar er konsesjonsfrie. Dette inneber at det ikkje er nødvendig å søke om konsesjon når ein ervervar eigedom. Les meir om dette i forskrift om konsesjonsfrihet mv. -  FOR-2017-03-17-347 frå 18.04.2017

Imidlertid krev tinglysingsstyresmakta ved tinglysing av heimelsdokument, for eksempel eit skøyte eller ei heimelserklæring ved arv, skifte og uskifte, i dei fleste tilfelle ei stadfesting frå kommunen på at ervervet er konsesjonsfritt. Dette gjerast ved at kjøpar gir opplysingar i ei eigenerklæring om konsesjonsfridom – skjema LDIR-360. 

Skjemaet skal sendast i original til: 
Ålesund kommune, Postboks 1521, 6025 Ålesund

Skjemaet kan òg leverast til Innbyggartorgene i Ålesund kommune.

Kommunen stadfestar eigenerklæringa og registrerer oppgitte opplysingar i  matrikkelen, som er det offisielle registeret over fast eigedom. Kvittering sendast avsendar. Dersom avsendar har oppgitt si e-postadresse, blir stadfesting sendt som e-post. 

Behandlinga av eigenerklæring er gebyrfri. 

Spørsmål som gjeld eigenerklæring om konsesjonsfridom kan rettast til Ålesund kommune ved Innbyggartorget- tlf. 70 16 20 00

Pris

Sjå pris for behandling av konsesjons- og delingssaker.