Kva plan gjeld for eigedomen min?

Dette er ei rettleiing og ein hjelpar for å finne ut kva plan som gjeld for eigedommen din.

I kommunens to kartportalar Isy Map (publikumskart) og Isy Map Server (avansert/utvida) kan du sjølv studere vedtatte kommuneplanar/kommunedelplanar, reguleringsplanar med tilhøyrande reguleringsføresegner og reguleringsplanar under arbeid.  

Her kan du sjå korleis studere planar og planføresegnar
 

Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringplan bestemmer korleis du kan bruke ein eigedom eller eit område.

Treng du rettleiing?

Er du usikker på kva plan som gjeld, ta kontakt med oss i kommunen. Hugs å oppgi gards- og bruksnummer eller adresse på eigedommen.