- Ålesund kommune har ei rekkje eigedommar til sals eller som som kjem for sal. Dette er både næringseigedommar, bustader og bustadtomter. Ei oversikt er innteken nedanfor.
- Ålesund kommune har 55 bustadtomter til sals til faste prisar. Desse kan reserverast fortløpande og blir selt etter prinsippet om «førstemann til mølla". Ei oversikt er innteken nedanfor.
Eigedommane går fram av kartet nedanfor.
- Eigedommar som er merka med grøn farge er no til sals.
- Eigedommar er merka med rød farge kjem til sals om nokre veker eller månedar.
- Eigedommar som er merka med svart farge er fastpristomter som er reservert.
Klikk på dråpeboblene for å få fram informasjon om tomtene. Det finns også ei liste over tomtene nedanfor kartet.
Opne kartet i nytt nettlasarvindauge
Næringseigedommar og andre større eigedommar
- Tidlegare rådhus i Sandøy kommune, Harøya, (gbnr. 807/120). Er lagt ut til sals på FINN.
- Øvre Bergvegen 21 (gbnr. 201/29). Hus med 4 leilegheiter. Er lagt ut til sals på FINN.
- Næringtomt, Håhjem Næringspark (gbnr. 514/279), 9,1 mål. Er lagt ut til sals på FINN.
- Borgundvegen 185 og 199 (tidl. Ålesund sykehjem) (gbnr 134/170 134/173). Kjem for sal i 2025.
- Spjelkavik brannstasjon (gbnr. 24/207 og 24/208). Kjem for sal i 2026/2027.
Alle er/blir lagt ut til sals på FINN, og blir selt på den opne marknaden til høystbydande.
Bustader
- Bustadeigedommen Lundavegen 12, Harøya (gbnr. 814/222). Er lagt ut til sals på FINN (v/Notar).
- Bårdsgjerdevegen 17, Ørskog. Kjem for sal i 2025.
Alle er/blir lagt ut til sals på FINN, og blir selt på den opne marknaden til høystbydande.
Bustadtomter og nausttomter som blir selde til høgstbydande
Dette er bustadtomter som blir selde på den opne marknaden til høgstbydande.
- 3 bustadtomter på Amdam: Amdam: 3 attraktive bustadtomter | FINN.no
- Gbnr. 49/474 - Nausttomt, Hatlane. Kjem for sal i 2025.
- Gbnr. 34/333 - Bustadtomt i Olsvika. Kjem for sal.
- Gbnr. 147/216 - Bustadtomt på Ellingsøya. Kjem for sal.
Alle er/blir lagt ut til sals på FINN, og blir selt på den opne marknaden til høystbydande.
Sal av tomter til faste prisar ("fastpristomter")
Vi har 55 bustadtomter som blir selde til faste prisar.
Desse tomtene kan reserverast.
- Ein kan berre reservere ei tomt per person/par/husstand/familie.
- Reservasjon er uforpliktande, noko som betyr at ein ikkje er forplikta til å kjøpe tomten før kjøpekontrakt er underteikna.
Sjå salsvilkåra. (PDF, 96 kB)
Tomtene seljes til faste prisar. Tinglysingskostnader for skøyte, samt tilknytingsavgift for vatn og avløp, kjem i tillegg til kjøpesummen.
Tomtene blir selde med tre års byggeplikt, det vil seie at kjøpar må innan tre år frå dato for tinglyst skøyte, ha bygd ferdig eit godkjent bustadhus (dokumentert enten med mellombels bruksløyve eller ferdigattest) på tomta. Er dette ikkje oppfylt har skal Ålesund kommune ha rett til å kjøpe tilbake tomta («gjenkjøpsrett») til den pris den ble selt for.
Ålesund kommune skal ha forkjøpsrett til tomter som vidareseljast både som ubebygd tomt, òg etter at byggearbeidet er igangsett, fram til tomta er bygd ut med godkjent bustadshus.
Reservér fastpristomt
Tomter reserverast ved å sende e-post til tomter@alesund.kommune.no
Gjer vel og opplyse:
- Fullt namn og adresse på kjøper,
- Mobilnummer og e-post for vidare kontakt
- Gnr/Bnr på tomta som ønskast reservert
- Eventuelt legg til spørsmål om tomta og salet elles.
Send ein reservasjon
Sjå fastpristomtene som er til sals
Få meir informasjon
Vil du bli varsla når eigedommen kjem for sal? Vil du melde di interesse for å selje eller kjøpe ein eigedom? Eller har du andre spørsmål om eigedommane?
Send oss ein e-post på: tomter@alesund.kommune.no