Feiing og tilsyn

Ålesund kommune har ein feie- og tilsynsavtale med Ålesund brannvesen KF (ÅBV). Det er feiarar frå Ålesund brannvesen som står for feiing og tilsyn med eldstadar i Ålesund kommune.

Feiing

Kommunen skal sørge for at røykkanalar i fyringsanlegg som blir brukt til oppvarming av byggverk, blir feia ved behov. Feiingen skal utførast på ein fagleg tilfredsstillande måte som medfører minst mogleg ulempe for eigarar og brukarar. Etter feiingen skal feieren sørga for at all sot blir fjerna og braka til eigna stad.

Kommunen skal sørga for at det ved behov blir ført tilsyn med fyringsanlegg som blir brukt til oppvarming av byggverk. Kommunen skal sørga for at det blir ført tilsyn med fyringsanlegget etter brann eller eksplosjon i eller i tilknyting til fyringsanlegget.

Feiing av skorsteinen inneber at vi òg kan feia røykrøret frå ildstedet til skorstein, og at vi skal tømma sotluke. Dette er dekt av gebyr.

Tilsyn

Tilsyn av fyringsanlegg vert utført ved behov. Dette gjeld alle eldstadar, anten dei er fyrte med ved, olje eller gass. I tillegg blir det kontroll av sløkkeutstyr, røykvarslarar og rømmingsvegar. Særskilte fyrrom for sentralfyr vert også kontrollerte. Skorsteinen kan, etter avtale, bli inspisert med spesialkamera dersom det er mistanke om feil eller manglar som kan oppstå til dømes ved ein pipebrann.

Andre

I tillegg til dei lovpålagte oppgåvene, så tilbyr Ålesund brannvesen følgjande:

  • Feiing av ildsteder.
  • Fresing av skorsteinar.
  • Synfaringar og tilstandskontroll av fyringsanlegg.
  • Synfaringar for å vurdera framkomme til fyringsanlegget (takstiger og feieluker)
  • Generelle førespurnader om montering av ildsted, val av ildsted og plassering av ildsted

Meld frå om installering eller endring av eldstad

Gebyr for feiing og tilsyn

Alle som eig bustad med pipe og eldstad må betale årleg feie- og tilsynsgebyr, ifølge forskrift om gebyr for feiing og tilsyn med fyringsanlegg i Ålesund kommune. Gebyrsats vert fastsett av kommunestyret.

Sjå pris for feiing og tilsyn.

Du kan søke om fritak frå feie- og tilsynsgebyret dersom fyringsanlegget ikkje har vore i bruk over tid, eldstaden er kopla frå og pipa forskriftsmessig tetta.

Kontakt