Verksemdsleiarane har det daglege ansvaret for behandling av personopplysingar i samband med helsetenester til kommuna sine innbyggjarar. Dei einingane innan helse, pleie, omsorg og sosial som behandlar personopplysningar er legekontor, legevakt og ØHD, omsorgssentra, heimebaserte tenester, bemanna omsorgsbustadar, dagtilbod for ulike grupper for personar med funksjonshemming, førebyggjande helseteneste, NAV Ålesund, rus- og psykisk helseteneste, helsestasjon, og fysio- og ergoterapitenesta folkehelse.
Alle personopplysningar blir behandla i sikker sone på eigne skjerma serverar. Kommuna har rutinar for opplæring, tilgangsstyring og kontrolltiltak for kvart fagsystem. Systema er tilgangsstyrte.
Opplysingane blir lagra for no- og ettertid etter helseregister- og arkivlova. Kommuna har databehandleravtalar med leverandørane.
Elektronisk utveksling av helseopplysingar skjer via Norsk Helsenett mellom fastlege, sjukehus og kommuna for å sikre tryggleik, effektivitet og sporing for innbyggjarar som treng helsehjelp.