Utdeling av legatmidlar skal ikkje erstatte dei krav på ytingar som den enkelte måtte ha etter helse-, sosial- og trygdelovgivinga.
Det finst fleire legat det er mogleg å søkje på som er knytt til Ålesund kommune.
Fond for ferie- og fritidstiltak for funksjonshemma og miljøtrua barn og ungdom
Ålesund kommune sitt feriefond er ei stifting som blei oppretta 11. april 1985, blant anna ved sal av ein feriekoloni. I tillegg er nokre mindre legat innlemma i stiftinga.
Fondet si inntekt er renteinntekt frå bankinnskot, og det er dei årlege renteavkastningane som blir delt ut til søkjarar.
Fondet sin frie kapital skal heilt eller delvis tildelast barn og ungdom som er
- psykisk og/eller fysisk funksjonshemma, eller
- miljøtrua/vanskelegstilt og
- under 21 år, og heimehøyrande i Ålesund kommune
Under kategori 2. forstår vi barn og ungdom som er tilmeldt barnevernstenesta i kommuna, og der det er gjort vedtak om særskilt tiltak, eller der det er behov for slike. Under denne kategorien kjem i tillegg barn og ungdom som barnevernstenesta på grunn av risikomoment finn at har behov for særskilde ferie- eller fritidstiltak.
Det kunne søkjast om midlar som skulle dekkje fritids- og ferieaktivitetar for sommaren 2025.
Det er styret for feriefondet, beståande av tre politikarar og ein seksjonssjef frå kommunalområde oppvekst som fordelar midlane. Det ble delt ut midlar for sommaren 2025. Søknadsfristen var 03. mai 2025.
Søk om feriefond
Andre legat
Meir informasjon om legat: legatsiden.no