Søk om betalingsutsettelse
Dersom du ønsker å utsette eller dele opp betaling av kommunale gebyr og eigedomskatt, kan du søke om dette.
Slik søker du om utsettelse
Du kan søke om å endre betalingsfrist eller dele opp betalinga i inntil ein månad. Søknaden må vere sendt inn før fakturaen forfaller. Dette kan du gjøre på ein av desse måtane:
- Digitalt: Logg deg inn på «Mi Side» via lenken eller i feltet nedanfor, gå til “Mine faktura”. Her kan du søke om betalingsutsetting i ein månad. Søknaden må vere sendt før forfall på fakturaen.
Dersom du vil delbetale fakturaen, kan du gjere det ved å nytte same KID/kontoopplysningar som du finn på fakturaen din.
Hugs å søke om utsetting av betaling FØR du delbetaler for å unngå purring.
- Manuelt: Du kan ta kontakt med kommunen på e-post fakturamelding@alesund.kommune.no eller telefon: 70 16 20 00.
Meir informasjon
Vi gjer merksam på at det vil bli rekna forseinkingsrenter på det beløpet som vert betalt etter opphavleg frist. Dette gjeld sjølv om ein har gjort avtale om å få utsette/dele opp betalinga. Forseinkingsrentesats er fastsett av finanstilsynet. Gjeldande rentesats er 12,25%.
Sist endra 09.12.2025 10.01