Grunnlag frå Skatteetaten
I 2025 brukar kommunen bustadverdien frå inntektsåret 2023.
Bustadverdien er 4 gonger formuesverdien (likningsverdien). I 2025 skal kommunane bruke ein obligatorisk reduksjonsfaktor på 0,7. Eigedomsskattegrunnlaget er altså 70 % av bustadverdien.
Bustadverdi er ikkje det same som formuesverdi (likningsverdi).
- Bustadverdi er Skatteetaten sin forventa marknadsverdi for bustadeigedomen. Verdien blir fastsett med bakgrunn i ein kvadratmeter pris som Statistisk sentralbyrå (SSB) har berekna, multiplisert med bustaden sitt areal (p-rom). Denne verdien blir justert kvart år.
- Formuesverdi er ein viss prosentdel av bustadverdien. For inntektsåret 2023 er formuesverdien 25 % for primær- og 100 % for sekundærbustader. Formuesverdien vil alltid vere lågare enn bustadverdien.
Om bustaden din er ein primærbustad eller sekundærbustad, har ikkje innverknad på eigedomsskatten. Dette fordi det er bustadverdien som blir lagt til grunn for utrekninga av eigedomsskatten.
Du kan finne meir informasjon på Skatteetaten sine heimesider:
Kva er eigedomsskatt?
Her kan du lese meir om korleis formuesverdi og bustadverdi vert utrekna.
Døme på utrekning av eigedomsskatt med bustadverdi frå Skatteetaten
Døme på utrekning av eigedomsskatt med bustadverdi frå Skatteetaten:
- Formuesverdi = 500 000 kr
- Bustadverdi = 2 000 000 kr
- Obligatorisk reduksjonsfaktor på 0,7
- Grunnlag = 2 000 000 kr x 0,7 = 1 400 000 kr (eigedomsskattegrunnlaget)
- Eigedomsskatt = 1 400 000 kr x 0,002 (2 promille) = 2 800 kr
Kommunal taksering
I dei tilfelle kommunen ikkje har motteke bustadverdi frå Skatteetaten, blir taksten fastsett av kommunen. Dette gjeld då for:
- Fritidsbustader
- Naust
- Våningshus på gardsbruk
- Bustadeigedom der vi ikkje har grunnlag frå Skatteetaten
- Næringseigedomar
Også for bustadar og fritidsbustadar med lokal takst, er eigedomsskattegrunnlaget 70 % av taksten.
Eit takseringsfirma har gjort ei utvendig synfaring av bygningane. Taksten baserer seg på ei skjønnsmessig vurdering som skal vere tilnærma omsetningsverdien til eigedomen. Bilder og andre aktuelle opplysingar blir lagt fram for Sakkyndig nemnd (tre politikarar), som fastset endeleg takstgrunnlag. Dei tek også utgangspunkt i Rammer og retningsliner for Ålesund kommune.