Opnings- og skjenketider i Ålesund

Gjeld for restaurantar, barar, pubar, nattklubbar og andre stader med skjenkebevilling.

Opningstider gjeld også for serveringsstadar der det vert servert mat og drikke og der forholda ligg til rette for fortæring på staden. Som serveringsstad reknast restaurant, kafé, konditori, gatekjøkken, pub, kiosk og bensinstasjonar som sel gatekjøkkenmat.

Opningstider for serverings- og skjenkestader

Skjenkestader og serveringsstader kan halde ope frå kl. 06.00 til kl. 04.00 alle dagar.

Kommunen kan etter søknad gje dispensasjon for å halde døgnope til bensinstasjonar og andre serveringsstader utan alkoholskjenking, når utvida opningstid verken medfører støy eller på annan måte er til vesentleg ulempe for andre.

Generelt om skjenketid

Skjenketida for alkoholhaldig drikk skal følgje skjenkestaden sine opningstider (jf. bevillingsvedtak), men skjenkinga må avsluttast seinast ein halv time før staden skal stenge. Det kan aldri skjenkast alkoholhaldig drikk lengre enn til kl. 03.00.

Overgang mellom sommar-/vintertid

Med utvida maksimaltid for skjenking frå kl. 02.00 til kl. 03.00 med verknad frå sommaren 2024, vert også skjenketidene ved overgangen frå og til sommartid påverka.

Når klokka vert stilt ved overgangen til sommar- og vintertid, oppstår spørsmålet om korleis skjenketida skal tilpassast den nye sommar- eller vintertida. Utgangspunktet er at retten til skjenking følgjer realtida, jf. at skjenketidsreglane viser eit bestemt klokkeslett og ikkje tal på timar.

 Ved overgang til sommartid vert klokka stilt fram frå kl. 02.00 til kl. 03.00. Skjenkestader som i samsvar med bevillinga har skjenketid til kl. 02.00 eller seinare, må stenge skjenkinga på det tidspunktet klokka vert stilt fram, dvs. kl. 02.00. Klokka er då 03.00 etter ny tid.

Ved overgang til vintertid vert klokka stilt tilbake frå kl. 03.00 til kl. 02.00. I samsvar med maksimaltidene vil skjenketida til alle skjenkestader ha slutta seinast kl. 03.00, når klokka blir 03.00 første gongen den natta, og den vert difor ikkje utvida med ein ekstra time. Timen mellom klokka 02.00 og 03.00 kan nyttast til skjenking berre ein gong.

Øl og vin

Skjenking av øl og vin (under 22 volumprosent alkohol) kan skje frå kl. 06.00 til kl. 03.00 alle dagar.

Brennevin

Skjenking av brennevin (mellom 22 og 60 volumprosent alkohol) kan skje frå kl. 13.00 til kl. 02.00 alle dagar.

Forskrift om opningstider for serveringsstader og sals- og skjenketider, Ålesund kommune, Møre og Romsdal - Lovdata

 

Ansvarleg for tenesta