Kommuna utfører sals- og skjenkekontrollar i Ålesund. Dersom vi etter ein kontroll konkluderer med brot på alkohollova, er vi forplikta til å tildele prikkar. Om ein sals- eller skjenkestad i løpet av to år får tolv prikkar, er vi forplikta til å inndra sals- eller skjenkebevillinga i ei veke. Når bevillinga er inndratt, kan ikkje staden selje eller skjenke alkohol.