- Alle serveringsstader som serverar mat og alkoholfri drikke, må ha ein dagleg leiar som har bestått ei etablerarprøve.
- Alle butikkar med salsbevilling og alle serveringsstader med skjenkebevilling må ha ein styrar og en vikar for styrar, som har bestått kunnskapsprøva.
- Alle som ønskjer det kan ta etablererprøva og kunnskapsprøva. Du må ha bestått kunnskapsprøva for å søkja om sals- og skjenkebevilling.
- Alle serveringsstader må ha bestått etablererprøva.
Etablererprøve (serveringslova)
Den som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad og serverar mat/drikke (til dømes restaurantar, pub/bar, kaféar, kiosk/gatekjøkken, bensinstasjonar, mobile vogner), må ha bestått etablererprøve etter Lov om serveringsvirksomhet. (Dette er ikkje det same som kunnskapsprøva etter alkohollova).
Etablererprøva skal sikre at den ansvarlege for ein serveringsstad har nødvendig kunnskap om økonomistyring og lovgiving som er av betydning for drifta.
Kunnskapsprøve (alkohollova)
Den som skal vere styrar, vikar for styrar og kontrollør, må ha dokumentert kunnskap om alkohollova og føresegner gitt i medhald av den. Kunnskapskravet er oppfylt ved bestått kunnskapsprøve. Ved søknad om ny bevilling må styrar og vikar for styrar ha bestått prøva før bevilling kan bli gitt.
Det er tre typar kunnskapsprøver:
- for salsbevilling (alkoholhaldig drikk i gruppe 1) – til dømes butikkar
- for skjenkebevilling (alkoholholdig drikk i gruppe 1, 2 og 3) – til dømes restaurantar, pub/bar, utestad
- for kontrollørar
Alle som ønskjer det kan få ta prøva.
Om prøvene
Læremateriell for etablererprøva er utarbeidd av VINN-senteret i Narvik (Veiledningsinstituttet i Nord-Norge) og må bestillast av den enkelte.
Gyldig legitimasjon må visast fram på prøvedagen.
Når prøva er teke vil kandidaten få informasjon om den er bestått eller ikkje. Brev med informasjon om resultat frå prøva blir sendt til kandidaten, og ved bestått prøve vil eit kunnskapsbevis bli lagt ved.
Gebyret på prøva er kr 400,-. Dette kan anten bli fakturert i etterkant, eller blir betalt med Vipps i resepsjonen på prøvedagen. Kunnskapsbevis blir ikkje utstedt før gebyret er betalt.
Hjelpemiddel
- Etablerarprøva: berre tillate med lovsamling som innbyggartorget har til utlån.
- Kunnskapsprøva: berre tillate med ordbok.
- Mobiltelefon er ikkje tillate under prøva.
Klageadgang
Det er ikkje klageadgang i samband med etablerarprøva og kunnskapsprøva, men alle kan ta prøva opp igjen så mange gonger det er behov for. Det må betalast nytt gebyr for kvar gong.
Påmelding
Ta kontakt med ditt innbyggartorg for å avtale tid til å ta prøva:
Ålesund Innbyggartorg
Sjøholt Innbyggartorg
Steinshamn Innbyggartorg
Heimmel i lov
Sjå også:
VINN-senteret i Narvik (Veiledningsinstituttet i Nord-Norge).