Arbeidet med miljøsertifisering er i dag ein sentral del av Ålesund kommune sitt interne miljø- og klimaarbeid. På same tid er det ein viktig del av arbeidet med å stimulere til et klimavenleg næringsliv.
Kva er Miljøfyrtårn?
Miljøfyrtårn er Norges mest brukte sertifiseringsordning for verksemder som ønsker å vise samfunnsansvar og dokumentere sin klima- og miljøinnsats. Miljøfyrtårn er eit anerkjent og effektivt verktøy for sertifisering og miljøleiing, som hjelp verksemder å lykkast med grøn omstilling. Miljøfyrtårnordninga blir drifta av stiftelsen Miljøfyrtårn.
Kom i gang med Miljøfyrtårnsertifisering
Miljøfyrtårn passer for alle typer verksemder, frå små og mellomstore enkeltverksemder, til store konsern, kommunar og fylkeskommunar. Stiftelsen Miljøfyrtårn har utarbeidd over 80 bransjekriterium, som betyr at miljøfyrtårnarbeidet kan tilpassast rammene for den enkelte verksemd.
Verksemder vel å bli sertifisert for mellom anna å kunne:
- Arbeide heilskapleg, systematisk og langsiktig med tiltak som forbetrar verksemda sine klima- og miljøprestasjonar.
- Oppnå konkurransefortrinn (mellom anna i offentlege anskaffingar).
- Styrke merkevara.
- Kutte kostnadar.
- Redusere sjukefråværet
Les meir om kvifor bli sertifisert
For å bli miljøfyrtårn må verksemda gjennomføre ei miljøanalyse. Dette skjer vanlegvis med rettleiing frå ein godkjent Miljøfyrtårnkonsulent. Verksemda må oppfylle fleire krav som er definerte på førehand, samt lage ein handlingsplan for det vidare miljøarbeidet. Verksemda skal også sette seg overkommelege mål for å stadig forbetre miljøprofilen sin.
Miljøanalysen omfattar følgande tema:
- Energi
- Innkjøp og materialbruk
- Avfall og ombruk
- Utslepp til luft, vatn og jord
- Transport
- Fysisk arbeidsmiljø
Kvart tredje år må verksemda bli resertifisert for å behalde nemninga Miljøfyrtårn.
Kriteria for sertifisering finn du her.
Prisen for ei miljøsertifisering varierer med verksemda sin storleik og behovet for rettleiing frå konsulent. Stiftelsen Miljøfyrtårn har eit etableringsgebyr for alle nye verksemder, i tillegg kjem eit årleg servicegebyr. Sjå oppdaterte prisar
Prosessen frå å melde interesse for å bli miljøfyrtårn til verksemda er det er slik:
- Kontakt konsulent
- Arbeid med sertifiseringskriterium
- Kontakt sertifisør
- Godkjenning av Miljøfyrtårn
- Tildeling av diplom ved førstegangssertifisering
Ålesund kommune har koordineringsansvar for Miljøfyrtårn-sertifisering hos andre offentlege og private verksemder i Ålesundsområdet. Dette inneber å støtte stiftelsen Miljøfyrtårn med å informere andre verksemder om sertifisering. Kommunen organiserer også utdeling av diplom til verksemder som er vorte sertifisert. Per no vert det lagt opp til to seremoniar i året - ein i mai og ein i november.
Lurer du på om det er noko for di verksemd? Les meir på Stiftelsen Miljøfyrtårn (miljofyrtarn.no)
Vesentleganalyse
Mange små og mellomstore bedrifter opplever at det er krevande å lykkast i berekraftig omstilling, og for enkelte kan det virke heilt uoverkommeleg. Kor skal ein starte? Kva er eigentleg vesentleg?
Miljøfyrtårn har i samarbeid med UN Global Compact lansert Vesentlig.no. Dette er ei nettside som vil kunne hjelpe di bedrift med å identifisere og prioritere vesentlege påverknader på miljø, arbeidsmiljø og samfunn. For kommunale einingar har kommunen eit eige skjema for forenkla vesentleganalyse.
Les meir om vesentlig.no
Besøk Vesentlig.no - Hjem
Ålesund kommune er miljøfyrtårnsertifisert
Ålesund er ei Miljøfyrtårn-kommune. Det blir arbeidd jamt med å sertifisere interne lokasjonar, og på sikt er målet at flest mogleg av arbeidslokasjonane i organisasjonen vert sertfisert.
Miljøfyrtårn - Oversikt over sertifiserte einingar i organisasjonen
Barnehagar
- Ellingsøy barnehage
- Fagerlia barnehage
- Fremmerholen barnehage
- Harøy barnehage
- Lerstad barnehage
- Midtbyen barnehage
- Nørve barnehage
- Rabbevågen barnehage
- Ratvikåsen barnehage
- Skarbøvik barnehage
- Skodje barnehage
- Stette barnehage
- Storhaugen barnehage
- Årøyhaugen barnehage
Andre
- Ålesund kommunale Eigedom (ÅKE)
- Ålesund kommune, Rådhuset (hovudkontor)
Nokre viktige tiltak som er gjort sidan rådhuset vart sertifisert i 2021
- Sertifiseringar: 14 barnehagar og ÅKE har sertifisert seg.
- Innkjøp: Kommunen har fått betre rutinar for å sikra meir berekraftige innkjøp, mellom anna ved hjelp av innkjøpsstrategien.
- Datalagring og IKT: Kommunen har mellom anna fått forlengt levetid på PC-ar og betre livssyklushandtering av IT-utstyr, og jobbar kontinuerleg med å redusere datalagringa.
- Mobilisering: Kommunen har eit prøveprosjekt på bildelingsordning med dei kjende «Otto-bilane». Bilane er tilgjengelege for innbyggjarar utanom arbeidstid. Mange av kommunen sine eigne bilar er òg skifta ut frå fossilt til elektrisk.
- Kjeldesortering: Det er innført kjeldesortering på mange av dei kommunale bygga.
Kvart år blir Miljøfyrtårn-arbeidet til kommunen vurdert i samband med Leiinga sin gjennomgang av kvalitetsarbeidet:
Hovudpunkt frå vurderinga av Miljøfyrtårn-arbeidet i 2024
- Avfall: Restavfall utgjer ein relativt stor del av avfallet til dei sertifiserte einingane (ca 85 %), og mange kan bli flinkare på å kjeldesortere.
- Flyreiser: I 2024 hadde heile organisasjonen 1121 flyreiser tur-retur. Dette er noko mindre enn i 2023, men reisene er likevel nesten dobla sidan 2021. Kommunen hadde ein stor auke i flyreiser mellom 2021-2022 (+ 45%), som mest sannsynleg kjem av at det var slutt på reiserestriksjonane i samband med covid 19-pandemien.
- Bilkøyring: Drivstofforbruket har gått ned sidan 2021, på grunn av overgang til elkjøretøy og at vi frå 2022 ikkje lenger hadde med tal frå Attvin.
- Sjukefråvær: Sjukefråværet har auka noko kvart år i dei sertifiserte einingane. Kommunen har eit mål om å redusere sjukefråveret, og dette er noko som det vert jobba med i heile organisasjonen.
- Klimarekneskap: Dei samla utsleppa til dei sertifiserte einingane har ikkje endra seg vesentleg.
- Sertifiseringar: Det var til saman 24 verksemder som sertifiserte seg i 2024 – 20 private og fire kommunale.
Miljøfyrtårnarbeidet til kommunen står som eit eige tiltak i klimabudsjettet til kommunen, og det blir gitt statusoppdateringar i samband med både økonomirapportar og årsmeldingar.
Lenke til Klimabudsjett Ålesund kommune 2025.
Kontakt
Miljøfyrtårnansvarleg Sonja Servan