Hygienekrav for badeanlegg og badstuBadeanlegg skal ha tilfredsstillande helsemessige og hygieniske forhold. Dei skal vere utforma slik at ein førebygger ulykker. Personalet skal ha opplæring i personsikkerheit, og det skal utarbeidast instruksar for brukarane. Det skal takast jamnlege prøver av vasskvaliteten i bassengbad. Sist endra 26.06.2024 10.56 MålgruppeEigarar av badeanlegg som er tilgjengelege for allmennheita, herunder bassengbad, badstu, boblebad og dusjanlegg tilknytt desse.Kriterium Badeanlegget skal vere utforma slik at ein førebygger ulykker Anlegget skal ha eit forsvarleg innemiljø, sklisikre golv og underlag Det skal vere tilstrekkeleg sikkerheitsutstyr, belysning, merking av fall i bassengdjupne og eit tilfredsstillande sanitæranlegg Eigar skal sjå til at personellet har nødvendig opplæring Driftsbestemmingane i forskrifta stiller krav til sirkulasjonssystem, overløpsrenner, botnavløp, utjevningsmoglegheiter, desinfeksjon, vasskvalitet, analysar og prøvetaking. Eigar skal sjå til at det er etablert eit internkontrollsystem (Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu mv. § 4. Eigar skal melde frå til kommunen før oppstart og ved endringar.AnsvarMeldepliktMeld frå til kommunen ved oppstart og endringar.Før badeanlegg blir tatt i bruk og ved endringar i drifta skal eigaren av anlegget legge fram for kommunen melding med vurdering av alle forhold som kan ha innverknad på helse, hygiene eller sikkerheit for brukarane ved drifta av anlegget, (Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu mv § 6).Meldeskjema badeanlegg (PDF, 455 kB)Kommunen sitt ansvarMiljøretta helsevern i kommunen fører tilsyn med bade- og svømmeanlegg, boblebad, badstuer og dusjanlegg tilknytt desse.Lover og reglar Folkehelsoven Forskrift om miljørettet helsevern Smittevernloven Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu mv. Ansvarleg for tenesta Strategi og styring