Målgruppe
Eigarar av badeanlegg som er tilgjengelege for allmennheita, herunder bassengbad, badstu, boblebad og dusjanlegg tilknytt desse.
Kriterium
- Badeanlegget skal vere utforma slik at ein førebygger ulykker
- Anlegget skal ha eit forsvarleg innemiljø, sklisikre golv og underlag
- Det skal vere tilstrekkeleg sikkerheitsutstyr, belysning, merking av fall i bassengdjupne og eit tilfredsstillande sanitæranlegg
- Eigar skal sjå til at personellet har nødvendig opplæring
- Driftsbestemmingane i forskrifta stiller krav til sirkulasjonssystem, overløpsrenner, botnavløp, utjevningsmoglegheiter, desinfeksjon, vasskvalitet, analysar og prøvetaking.
- Eigar skal sjå til at det er etablert eit internkontrollsystem (Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu mv. § 4.
- Eigar skal melde frå til kommunen før oppstart og ved endringar.
Ansvar
Meldeplikt
Meld frå til kommunen ved oppstart og endringar.
Før badeanlegg blir tatt i bruk og ved endringar i drifta skal eigaren av anlegget legge fram for kommunen melding med vurdering av alle forhold som kan ha innverknad på helse, hygiene eller sikkerheit for brukarane ved drifta av anlegget, (Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu mv § 6).
Kommunen sitt ansvar
Miljøretta helsevern i kommunen fører tilsyn med bade- og svømmeanlegg, boblebad, badstuer og dusjanlegg tilknytt desse.
Lover og reglar