Kommunalt næringsfond

Næringsfondet er ei støtteordning som skal nyttast til å styrke nyetableringar, innovasjon og næringsutvikling i Ålesund kommune. Fondet kan og nyttast til vidareutvikling av eksisterande verksemder.

Det er ikke mulig å søke næringsfondet nå

Næringsfondet for Ålesund kommune er no tomt. Søknadsskjema i Regionalforvaltning er derfor stengt.

Kven kan søke næringsfondet?

Næringsfondet kan nyttast både til bedriftsretta tiltak (direkte støtte til bedrifter) og til generelle tilretteleggande tiltak i regi av kommuna og organisasjonar i lokalsamfunnet. Mål og prioriteringar i næringsstrategien i Ålesund kommune vil bli lagt til grunn for vurderingane av kven som får støtte.

Merk at det er nokre ulikheiter i retningslinjene for søknad i dei ulike kommunedelane.

Kva kan du søke om?

Tilretteleggande tiltak:

Må vere eit tidsavgrensa tiltak. Næringsfondet kan gi støtte på inntil 50 % av totalt kapitalbehov.

Bedriftsretta støtte:

  • Støtte skal ikkje utgjere meir enn halvparten av dei kostnadane som er rekna inn i støttegrunnlaget (det totale kapitalbehovet som ligg til grunn for etableringa). Bedriftsretta prosjekt der kapitalbehovet er større, skal oversendast til Innovasjon Norge
  • Det kan ikkje løyvast støtte til ordinær drift
  • Bedriftsretta støtte skal ikkje vere konkurransevridande lokalt
  • Støtta skal ha ein utløysande effekt på tiltaket som vert støtta
  • Støtte gis primært som tilskot
  • Investeringar som vert gjort før søknad om støtte frå næringsfondet er handsama skjer på eigen risiko for søkjaren
  • For å få støtte må investeringar/prosjekt som det vert søkt støtte til gjennomførast innan 12 månader etter at tilsegn om støtte er gitt. Søkar kan søkje om utsetting.
  • Utbetaling av tilsegn gitt frå næringsfondet skjer i etterkant når kostnaden kan dokumenterast i samsvar med søknad og tilsegn
  • Næringsfondet kan ikkje nyttast til teikning av aksjar, betaling av renter/avdrag eller garantiar for bedrifter 
  • Det kan ikkje gis støtte til fysiske infrastrukturtiltak i kommuna
  • Selskapet må vere registrert i Brønnøysund med adresse i Ålesund kommune
  • Støtte frå næringsfondet må haldast saman med annan offentleg støtte, slik at samla støtte er innanfor gjeldande retningslinjer
  • Det kan ikkje gis støtte som er i strid med internasjonale avtalar der Noreg er part. Det kan derfor ikkje gis støtte til primær stålproduksjon, til transport eller til direkte eksportkostnadar, inkludert etablering og drift av distribusjonsnettverk
  • Elles vert til ein kvar tid gjeldande retningslinjer frå Møre og Romsdal fylkeskommune og frå Kommunal- og regionaldepartementet (kapittel 551, post 60 Næringsretta midlar til regional utvikling) lagt til grunn i vurderinga

Døme på kva bedrifter kan søke støtte til:

  • Nyetablering/bedriftsutvikling
  • Produktutvikling
  • Marknadsføring
  • Kompetanseheving i bedrifta
  • Investeringar i maskiner og utstyr (gjeld kun tidlegare Haram og Sandøy)

Korleis søke næringsfondet?

Tilretteleggande tiltak:
Søker må levere skriftleg søknad med ein god prosjektomtale og realistisk budsjett. Søknaden skal registrerast på regionalforvaltning.no

Bedriftsretta tiltak - nyetablering:
Søker må levere skriftleg søknad med vedlagt forretningsplan på regionalforvaltning.no

Bedriftsretta tiltak - vidareutvikling av eksisterande verksemd:
For støtte til vidareutvikling av eksisterande verksemd gjeld i utgangspunktet same retningslinjer som for støtte til nyetablering, men sakshandsamar kan vise skjøn i høve til kva som er naudsynt prosedyre og bakgrunnsinformasjon for ein søknad frå ei eksisterande verksemd.

Kontaktperson for næringsfondet i Ålesund kommune er Charlotte Rongved Østrem