Næringsutvikling

Ålesund kommune skal ha ei tydeleg satsing på innovasjon og utvikling, og ha ein tydeleg næringspolitikk.

Gjennom brei involvering av leiarar frå næringsliv, offentleg sektor og akademia er det i prosessen med utarbeiding av næringsplan ønske om å etablere ei felles forståing for kommunen sin ståstad og moglegheiter, og etablere eit felles målbilete. 

Ambisjonen må vere at dette skal danne eit godt grunnlag for ei brei mobilisering av aktørar og gjennomføring av tiltak som bidreg til kommunen samla måloppnåing – at vi klarer å skape nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet!