Start din gründerreise med hoppid.no
Hoppid.no er ei offentleg teneste for gründerar i Møre og Romsdal.
Vi kan hjelpe deg med:
- gratis råd og rettleiing
- tilbod om kurs og opplæring
- informasjon om tilskotsordningar
- hjelp i søkeprosessar
- nettverksbygging.
- Dette vil du få vite meir om i samtale med ein av våre hoppid.no-rådgivarar
Næringsfagleg vurdering
Dersom du ønskjer du å behalde ytingar frå NAV medan du startar bedrift, treng du ei næringsfagleg vurdering av etableringsplanane. Vurderinga må gjerast av kommunen, eventuelt ein annan kompetent instans, før NAV kan behandle søknaden.
Ei næringsfagleg vurdering bør som minimum innehalde følgjande:
- Vurdering og konklusjon med omsyn til om det aktuelle prosjekt vil gjere stønadsmottakar sjølvforsørgjande.
- Mottakarar av dagpengar: Vurdering av og konklusjon om når etableringa vil vere sjølvforsørgd, og anbefalt periode med dagpengar.
- Mottakarar av arbeidsavklaringspengar (AAP): Vurdering av og konklusjon om kor vidt det aktuelle prosjektet føreset både ein utviklings- og oppstartsfase, og kor lange dei ulike fasane bør vere.
Les om om dagpengar under etablering på NAV.no
Hoppid-kontoret kan hjelpe og retteleie deg med dette. Ei slik næringsfagleg vurdering kostar kr 1 628,-
Kontakt hoppid.no-kontoret
For å kome i kontakt med riktig rådgivar, anbefaler vi at du registrerer deg, skriv kort om forretningsideen din og kva du ønskjer å snakke om.
Hoppid.no-kontoret helt til på rådhuset i Ålesund. Du kan sende ein e-post til hoppidalesund@alesund.kommune.no eller kontakte rådgivarane direkte for ein uformell prat:
Nyttige lenker
- ÅKP Startup & Scaleup
Rådgiving, finansiering og tilrettelegging for gründerar og vekstbedrifter. - Innovasjon Norge
Innovasjon Norge skal bidra til vekst i norsk næringsliv gjennom kapital og kompetanse. - Altinn
Nyttig informasjon om å starte og drive verksemd i Norge.
Viktige samarbeidspartnarar