Leige av torg, fortau og gater

Skal du bruke kommunale torg, fortau eller gater? Her finn du informasjon om løyve, vilkår og korleis du søkjer.

Dersom du ønskjer å bruke kommunale torg, fortau eller gater til arrangement, aktivitetar, salgsbod eller andre tiltak, må du ha løyve frå grunneigar. Både privatpersonar, lag og foreiningar og verksemder kan søkje om å disponere kommunalt areal. Kommunale torg, fortau og gater kan leigast til opne aktivitetar og arrangement, men ikkje til private eller lukka arrangement som private selskap eller feiringar.

Når må du søke om å leige uteområde?

Skal du ha eit arrangement eller ein aktivitet på offentleg grunn, må du sende inn ein søknad.

Kvar kan du leige torgplass i Ålesund sentrum?

Desse areala er tilgjengelege:

Kva må du vite før du leiger torgplass

Skal du arrangere eit arrangement, må du i mange tilfelle innhente løyve frå politi, brannvesen, Mattilsynet eller skjenkemyndigheita. Du er sjølv ansvarleg for å skaffe nødvendige løyve.

Sjå arrangementsrettleiaren for informasjon om tryggleik, servering, skjenking og andre krav til arrangement.

Under arrangementet må du kunne vise fram relevante løyve, stadfesting på bestilling og eventuell kvittering for betaling.

Kva kostar det å leige?

Prisar for leige av kommunal grunn og torg
GebyrSats 2026
Dagleige av torgplass206,-
Fast torgplass Kiperviktorget pr mnd inkl. renovasjon4 535,-
Fast torgplass pr mnd3 838,-
Korsatunnelen - en dags arrangement5 808,-
Leige ut over ein dag etter avtaleEtter avtale
Strømuttak pr dag (maks 10 A), strømforbruk utover dette blir ganget opp.23,-

Søk om å leige areal

Dersom du ønskjer å leige kommunalt areal, ta kontakt på e-post til Anita Ulvestad eller Ida Morsund.

Søknaden bør innehalde:

  • namn på arrangør og kontaktperson
  • kva areal du ønskjer å bruke
  • dato og tidspunkt
  • skildring av arrangementet eller aktiviteten
  • forventa tal deltakarar eller besøkande
  • behov for straum eller annan infrastruktur 

Ansvarleg for tenesta