Friområde

Friområda skal sikre folk flest tilgang til attraktive areal i nærleiken av der dei bur. Områda skal kunne brukast dagleg til mosjon og andre friluftsaktivitetar. 

Areala kan vere i privat eller offentleg eige. 

Driftsansvaret for friområda er delt på fleire. Kommunen ved verksemd for Miljø og samferdsel, samarbeider både med Friluftsrådet, idrettslag, velforeiningar og andre om drifta av enkelte offentlege friområde.  Private friområde vert drifta av private aktørar

Sjå kvar du finn friområde

Plan for friluftslivets ferdselsårar

Viktige ferdselsårer for friluftslivet blei kartlagd i 2024 og planen blei vedteke i 2025. Miljødirektoratet utvikla ein veiledar som kommuna nytta i arbeidet. Veiledar - Plan for friluftslivets ferdselsårar

Meir informasjon

Forvaltningsplanar for statleg sikra friluftsområde 
Toalett i friområda  
Statleg sikra område (Sunnmøre friluftsråd)

Ansvarleg for tenesta