- Framande planteartar kan skade naturmangfaldet ved å fortrenge stadeigne artar.
- Hageavfall skal ikkje kastast i naturen.
- Du kan bidra ved å unngå framande artar i hagen og hindre spreiing frå eigen eigedom.
Kva er framande planteartar?
Framande planteartar er plantar som har blitt spreidde til Noreg ved hjelp av menneske. Dei fleste planteartane vi finn i hagar og grøntanlegg er framande artar.
Mange framande artar er ufarlege og spreier seg lite. Andre spreier seg raskt og aggressivt. Desse blir kalla uønska framande artar og blir rekna som ei av dei største truslane mot naturmangfaldet, både i Noreg og internasjonalt.
Når framande artar etablerer seg i naturen, kan dei fortrenge stadeigne plantar og dyr. Dette fører til mindre naturmangfald og kan endre naturområda våre over tid.
Framande artar kan bli spreidde gjennom:
- utplanting i hagar og grøntanlegg
- dumping av hageavfall
- flytting av jordmassar
- frøspreiing frå område der artane allereie har etablert seg
Kunnskapen om framande artar utviklar seg stadig. Ein art som tidlegare ikkje vart rekna som problematisk, kan seinare bli vurdert som ein risiko for naturmangfaldet. Oppdatert informasjon finn du på wArtsdatabanken.
Forbodne plantearter
Nokre framande planteartar er forbode å importere, selje eller spreie.
Les meir:
Hageavfall høyrer ikkje heime i naturen
Det er ikkje lov å kaste hageavfall utanfor eigen eigedom utan løyve frå grunneigar. For kommunale eigedommar er ikkje dette tillate nokon stad. Dette gjeld også plenavklipp.
Når hageavfall blir kasta i naturen, kan det:
- spreie framande planteartar
- spreie plantesjukdommar
- gi gode levevilkår for sniglar og skadedyr
- tilføre næring som fortrenger stadeigne artar
- redusere verdien av friluftsområde og naturområde
Hageavfall skal enten komposterast på eigen eigedom, eller leverast til godkjent mottak.
Framande planteartar skal leverast som brennbart avfall på miljøstasjonen. For større mengder hageavfall eller jordmassar skal du ta kontakt med Bingsa for rettleiing. Sjå opningstider for miljøstasjonane i Ålesund.
Alle har etter naturmangfaldlova plikt til å opptre aktsamt og unngå skade på naturen.
Kva kan du gjere?
Alle kan bidra til å redusere spreiinga av framande planteartar.
Hindre spreiing frå eigen eigedom
Har du framande planteartar i hagen, må du sørgje for at dei ikkje spreier seg til naturen eller naboeigedomar.
Dersom planten spreier seg med røter, kan han i enkelte tilfelle plantast i kar eller andre avgrensa løysingar. Artar som spreier seg med frø er ofte vanskelegare å kontrollere, og bør vurderast erstatta med andre plantar.
Vel planteartar som ikkje spreier seg
Unngå å kjøpe og plante framande artar som er kjende for å spreie seg i naturen.
Hagesentera skal kunne informere om artar som er framande og foreslå gode alternativ. Sjå også oversikta over plantar som kan erstatte framande artar: Bli kvitt bøllefrø og pøbelplanter
Ikkje ta med plantar frå utlandet
Innførsel av plantar frå utlandet er i hovudsak forbode. Plantane kan spreie både framande artar, plantesjukdommar og andre organismar som ikkje høyrer heime i norsk natur.
Du kan lese meir om regelverket på www.mattilsynet.no.
Registrer funn
Har du god kjenskap til plantar og ønsker å bidra, kan du registrere funn av framande artar i Artsobservasjonar.
Treng du råd om bekjemping?
For fleire problemartar finst det eigne rettleiingar og metodar for bekjemping. Sjå lenker under "Meir informasjon".
Kva gjer kommunen?
Ålesund kommune arbeider kontinuerleg med å kartleggje og bekjempe framande planteartar.
Vi gjennomfører tiltak i kommunale friområde, langs kommunale vegar, ved kommunale bygg, i vassdrag og ved drikkevasskjelder.
Vi samarbeider med Bingsa, Attvin, Statens vegvesen, Statsforvaltaren for å avgrense spreiinga av framande artar. Arbeidet krev innsats frå både offentlege aktørar, grunneigarar og innbyggjarar.
Ved graving på kommunal grunn
Skal du grave på kommunal eigedom, må du kartleggje om det finst framande planteartar i området før arbeidet startar.
Dersom det er risiko for spreiing av framande artar, skal du utarbeide ein analyse- og tiltaksplan og legge denne ved gravesøknaden. Planen bør beskrive:
- kva framande artar som finst i området
- korleis området er kartlagt
- korleis jordmassar og plantemateriale skal handterast
- kva tiltak som skal hindre spreiing under og etter arbeidet
Vi tilrår at analyse- og tiltaksplanen blir utarbeidd av fagkyndige, til dømes naturforvaltar, biolog eller annan person med relevant kompetanse.
Prioriterte artar i Ålesund
Ålesund kommune har laga ei oversikt over dei framande artane som vi vurderer som mest aggressive lokalt.
I Ålesund prioriterer vi særleg parkslirekne, klasespirea, platanlønn og fagerfredløs, fordi desse artane spreier seg raskt og utgjer ein stor risiko for naturmangfaldet.
I enkelte delar av landet skaper også kjempespringfrø, kanadagullris, kjempebjørnekjeks og tromsøpalme store utfordringar, men desse er førebels registrerte i liten grad i Ålesund.
Slik arbeider vi med bekjemping
På vinterhalvåret arbeider vi særleg med framande tre- og buskartar. Mellom anna blir platanlønn, framande furuartar (buskfuru, alpefuru, vrifuru), lerk og edelgran blir fjerna eller ringbarka i prioriterte område.
Kvart område blir kartlagt før vi set inn tiltak, slik at vi kan fjerne dei artane som utgjer størst trussel mot naturmangfaldet.
Sjølv om eit tre er ein framandart, kan kommunen velje å la det stå dersom det har stor estetisk verdi, naturverdi, kulturverdi, eller tre som er viktige landskapselement eller vegelement. Når slike tre døyr ut eller må fjernast, blir dei så langt det er mogleg erstatta med artar som ikkje trugar naturmangfaldet.
Meir informasjon