Tilskot til festivalar

Til og med 13. november 2024 kan det søkast festivalstøtte for 2025. Les korleis det skal søkast her.

Ålesund kommune ønsker å gjere kunst og kultur tilgjengeleg for flest mogleg, og då er det viktig å styrke vidareutviklinga av eksisterande og nye festivalar.

Retningslinjer for festivaltilskot (PDF, 426 kB)

Det kan bli gitt tilskot til

  • Festivalar som er opne og publikumsretta, og der kulturarv og profesjonell og ikkje-profesjonell utøving av musikk, scenekunst, litteratur, visuelle kunstartar og film, tv, video og dataspel er hovudformål.
  • Festivalen skal finne stad i Ålesund kommune og vare minimum to dagar.
  • Festivalar med mindre kommersielt preg/innteningspotensial, nystarta initiativ og nye uttrykk vil bli prioritert.
  • Søknadsfrist 13. november.

Elektronisk søknadsskjema skal brukast.

Søk festivalstøtte her. 

Søknaden skal innehalde:

  • Budsjett i balanse som viser alle utgifter og inntekter og plan for finansieringa.
  • Prosjektskildring og plan for gjennomføring av festivalen.

Mangelfulle søknader vil ikkje bli behandla.

NB! Storleiken på økonomiske rammer for festivalstøtte 2025 er ikkje endeleg avklart.

Ansvarleg for tenesta