Finn informasjon og søk om spelemidlar

Spelemidlane er ei statleg tilskotsordning til bygging av anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet.

 

Sjå utfyllande informasjon

Forskrift

Rettleiing til forskrift

Satsar og anleggstypar

Informasjon i anleggsregisteret

Om momskompensasjon

Viktige datoar:

  • 15. november: Frist for innsending av spelemiddelsøknad til kommunen. Om kommunen får søknadane inn seint, og ikkje får tid til å behandle dei før fristen til fylkeskommunen 15. januar, så er det avslagsgrunn.
  • 15. januar: Frist for ei samla oversending av kommunen sine spelemiddelsøknadar til fylkeskommunen.
  • Mars: Tilbakemelding i frå fylkeskommunen om søknaden er rett utfylt.
  • Mai: Kulturdepartementet legg ramma til fordeling.
  • 15. juni: Fylkeskommunen innstiller søknadane innan.
  • 15. juni: Nytt søknadsår. Søknadsportalen vert opna.

Søknad

Søk om spelemidlar i anleggsregisteret

Rettleiing

Kommunen ønsker å vere aktivt involvert og legge til rette for informasjon, rettleiing og kontroll av planane undervegs i søknadsprosessen.

Kontakt

Jens Arne Gjørsvik

Rådgivar idrett, ordinære anlegg

Send e-post

Tlf: 977 14 664

Ida Haug Theodorsen

Rådgivar friluftsliv og fysisk aktivitet, nærmiljøanlegg

Send e-post

Tlf: 482 21 335

Ansvarleg for tenesta