Spelemidlar til lokale kulturarenaer

Spelemidlar til kulturbygg, kulturhus og andre kulturarenaer skal bidra til eigna lokale og bygningar som gir rom for ulik kulturell verksemd.

Arenaene skal fungere som kulturelle møtestader for alle. Søknad om støtte til lokale for øving og produksjon blir på lik linje behandla med salar for formidling.

Les meir om ordninga og søk (Møre og Romsdal fylkeskommune)

Søknaden vil i første omgang mottakast av Ålesund kommune som behandlar og prioriterer søknadene før desse blir sendt vidare til fylkeskommunen.

Aktørar i Ålesund må sende inn søknad innan 15. februar 2025.
Før søknaden kan sendast inn må de ha eit anleggsnummer. Ta kontakt med Ålesund kommune i god tid før du startar arbeidet med søknaden for å få anleggsnummer, viss de ikkje allereie har dette.

Kommunen vil sende søknaden vidare til endeleg avgjerd i Møre og Romsdal fylkeskommune innan fristen 1. mai 2025.