Oppgåver og ansvar ved bruk av Sandøyhagen

Leigetakar er ansvarleg for at reglar og ansvar vert følgt. Dersom reglar og ansvar ikkje vert følgt, kan leigetakarar verte utestengt frå å låne lokala. Ansvarleg leigetakar er den som er registrert i bestillingen. 

Oppgåver/ansvar

  • For å bestille lokale må ein vere over 18 år. 
  • All bruk av lokala skal bestillast. Private og frivillige lag/organisasjonar skal bestille på kommunen si nettside eller via avtale med Innbyggartorget. Kommunale verksemder bestiller via Outlook
  • Sjå til at gjeldande branninstruks blir følgt. Ta kommando ved evakuering.
  • Brukarane må vurdere om huset skal stå ope eller vere stengt under aktivitet.  Er ytterdørene opne, har lag/grupper med avtale om bruk av huset, ansvar for alle som kjem inn.
  • Huset må ikkje forlatast ope utan at det er minst ein vaksen med opplæring i branninstruks til stades.
  • Halde generell orden. I det ligg å rydde etter seg, slik utstyr blir sett på rett plass. Vaske over bord og benkar etter bruk. Plukk opp laust avfall. Eventuelt søl og kliss må vaskast med klut/mopp og vatn. Ta ut søppel.
  • Prosedyrar etter avslutta aktivitet: Sjå til at lokala de har brukt er ryddige og låste.
  • Prosedyrar etter siste brukar: Sløkke lys og låse ytterdører.
  • Melde avvik: Skade på bygg, utstyr og inventar skal meldast til utleigar- Innbyggartorget.

Branninstruks

Leigetakar/brukar har følgjande plikter:

  • Iverksette evakuering umiddelbart ved brannalarm.
  • Jamleg kontrollere at det ikkje er noko som stenger for rømmingsvegane.
  • Sjå til at alle som ein er ansvarleg for, kjenner hovudinnhaldet i branninstruksen og kor rømmingsvegar er.
  • Gjennomføre brannøving (kan vere ein runde med gjennomgang av kva ein gjer ved ein brannalarm) minst ein gong pr halvår. Minimumsnivå: opplæring om kor rømmingsvegane er, evakueringsrutinar ved alarm og oppmøteplass ved evakuering.
  • Ved større arrangement: Alltid utnemne ein person som skal ta styring/kommando ved alarm/behov for evakuering.
  • Brannsløkkeutstyr må ikkje til dekkast/kamuflerast.
  • Melde frå til ansvarleg brannvernleiar om eventuelle feil og manglar som gjeld brannsikringa i bygninga. Det omfattar også fellesområde som brukaren nyttar.

Informasjon om rutinar ved Sandøyhagen

Lås av Sandøyhagen

Nøklar hentast ved Innbyggartorget på Steinshamn i opningstida eller etter avtale. Tilbakelevering i opningstida eller i låst postkasse ved hovudinngangen til Sandøytunet.

 

Sikkerheit

Branninstruks – evakuerings rutinar. Orienterings- og rømmings plan er oppslått fleire stader i lokala.

Brannvernleiar for Sandøyhagen: Rektor Espen Harnes Tlf. 908 86 701.

Førstehjelpsutstyr: lite skrin plassert på utleigekjøkken elles bør brukarar ha eige førstehjelpsutstyr tilgjengeleg.

Skade på bygg, anlegg, inventar og utstyr skal meldast til:

Innbyggartorget på Steinshamn, steinshamn.innbyggartorg@alesund.kommune.no

Tlf. 70 16 57 00.

Kontakt ved feil på lokala:

Ålesund kommunale Eiendom KF (Åke) sin vakttelefon: 478 79 100. Ved f.eks. vasslekkasje, strømbrudd, knust vindu, dører som ikke lar seg opne/låse)

Viktige telefonnummer

Nødnummer

Ambulanse/Medisinsk nødhjelp113
Brann110
Politi112
Legevakt116 117

 

Dersom det er behov for å lagre utstyr i Sandøyhagen over lengre tid skal det avtalast direkte med Innbyggartorget.

Mangelfull rydding, vask eller feil plassering av utstyr som medfører ekstraarbeid for tilsette blir gebyrbelagt.

Rutinar for bruk av kjøkken

Dette er eit kjøkken med kombinert bruk. Det blir stilt strenge krav om at rutinane blir følgd slik at utleige ikkje medfører ulempe for andre sitt bruk av kjøkkenet.

Det er viktig at ei er nøye med reinhald og hygiene!

Førstehjelpsutstyr og brannslokkingsapparat finn ein ved kjellarnedgangen.

Bruk av utstyr

  • Alt utstyr i ulåste skap kan nyttast. Viktig at ein reingjer utstyret og legg det attende på same plass etter bruk.
  • Det er ikkje høve til å låne med seg utstyr t.d. for å bringe heim matrestar.
  • Steammaskin og kjøl / frys kan brukast, husk reinhold etter bruk.

Omnane og utstyr

  • Hald omnane reine inni og utanpå.
  • I nedste skuff på omnane skal det vere ei djup og to flate steikeplater.
  • Bakerister skal vere tilgjengeleg.

Oppvaskmaskin

  • Leigetakarar kan nytte steam oppvaskmaskina i grovkjøkkenet. Følg bruksrettleiinga på veggen.

Vaskemaskin / tørketrommel

  • Legg alt av brukte handkle i ei bøtte. Det vert vaska av utleigar. Toger er eingongsklutar.

Før ein forlet lokala

  • VASK: Heile lokalet skal vere rydda og vaska. Koste opp av alle golv. Vask over bord, benkar, omn og kjølerom etter bruk. Utleigar ordnar golvvask.
  • BOSS: Alt boss skal tømmast i boss kontaineren med svart lokk ute i bosskuret. Posar/sekkar, klutar og liknande ligg i skap ved inngangen/ved kjølerommet.  Reingjer bossbøttene og ha i ny pose.

                                                                                           

                                                                                                        Innbyggartorget på Steinshamn Ålesund kommune.