Slik er det tenkt at Harald Torsviksplass skal bli. Oppgraderingen skjer i samarbeid med Sparebanken Møre.
Dronninga Landskap / Ålesund kommune
Byromma er grå og nokså «livlaus» slik dei står i dag. Det er lite fargar, belysning, møblar, planting og andre installasjonar som innbyr til opphald og bruk. Alle treng sårt ein rehabilitering og modernisering for å bli blåst nytt liv i, og vi må sjå på nye moglegheiter for bruk.
Byromma skal bli meir attraktive, og dei skal forsterke kvarandre ved at vi tydeleggjer betre at byromma ligg nærme kvarandre og er kopla saman i ein akse gjennom sentrum.
I 2023 vart det gjennomført ei rekke midlertidige prosjekt som testa ut byromma, og engasjerte brukarane. Samtidig henta vi inn fleire innspel og erfaringer gjennom workshops, ein innspelsportal med eigen QR-kode, og andre metoder for medverknad. Dette var grunnlaget for ein forprosjektrapport som vart ferdig våren 2024.
Sidan då har vi arbeidd vidare med detaljane i dei ulike prosjekta, og søkt samarbeid med andre aktørar i byen, både økonomisk og for praktisk samordning.
Prosjektet er dels finansiert med tilskot frå KORO, Møre og Romsdal Fylkeskommune (Byen som Regional Motor), Sparebank 1 SMN, Sparebanken Møre samt Tafjord Kraft.
Harald Torsviks plass
Det sentrale grepet for Harald Torsviks plass er å få tilbake fontena som var på plassen for fleire år sidan. I tillegg vil det bli planta fleire tre på kvar side av plassen, og montert fleire benkar. Både benkane og dekket får fjernvarme, og slik vere både attraktive og tilgjengelege heile året.
I dag er Harald Torsviks plass riggplass for Sparebanken Møre i deira byggeprosjekt. Kunstverket "Bødtkern" og hellene som var underlaget på plassen er frakta vekk til ein trygg stad. Etter planen skal Harald Torsviks plass bli opparbeidd i løpet av 2027, i samarbeid med banken.
Korsatunnelen
Korsatunnelen med nytt dekke, ny lyssetting og friske fargar
Dronninga Landskap / Ålesund kommune
Korsatunnelen er byrommet som etter planen skal byggast først.
Tunnelen er i dag ein viktig snarveg, og gir ly for uvær, men er i seg sjølv ikkje særleg triveleg å opphalde seg i. I tillegg til å vere ein viktig arena for både julemarked, rave-festar og matutdeling, har tunnelen ei viktig rolle som tilfluktsrom for inntil 1000 personar.
Det nye byrommet skal få ny lyssetting, nye fargar, oppgraderte tekniske installasjonar og eit heilt nytt og dekorativt dekke. I tillegg skal dører i kvar ende av tunnelen gjere det kjekkare å bruke byrommet, som i dag kan vere både kaldt og prega av gjennomtrekk.
I tillegg til sjølve tunnelen er det óg eit byrom i kvar ende, der det er eigne planar for utvikling av begge. Meir informasjon om desse (som vi kallar glasrommet og sørenden) kjem etter kvart.
St. Olavs plass
Illustrasjonen viser St. Olavs plass, med ny vegtrasé og fleire sitteplassar.
Dronninga Landskap / Ålesund kommune
Forprosjektet viste godt potensialet St. Olavs plass har som byrom, både for sosialt samvær og til å ta seg ei pause på ein benk. Desse kvalitetane vil kommunen bygge vidare på, ved å tilføre nye sitteplassar, grøne plantar og ei meir romsleg løysing for gåande. Fleire nye parkeringsplassar langs Notenesgata erstatter plassane som blir fjerna framfor Sparebank 1 SMN.
Dette byrommet er det som er vente å ligge lengst fram i tid, og er ikkje finansiert slik budsjettet er i dag.
Det første året, frå våren 2023 av, gjekk til å teste ut ulike løysingar og å samle inn innspel frå innbyggarane og lokale aktørar. Dette tok landskapsarkitektar og arkitektar frå JAJA architects og Lala Tøyen med seg inn i arbeidet sitt, som endte med ein rapport som viser deira overordna forslag til korleis byromma kan bli. Alt dette er det ein kallar eit forprosjekt.
Forprosjektrapport (PDF, 16 MB)
Kuratorteamet i prosjektet, Liv Dysthe Sønderland og Jorunn Kjersem Hildre, oppsummerer sine refleksjonar og tolkingar i kunstkatalogen.
Kunstkatalog (PDF, 5 MB)
Ålesund kommune ser på innspel frå innbyggarane som eit viktig verkemiddel. Eit tiltak vi har nytta i dette prosjektet er skilt med QR-kodar som var plassert i byromma, og førte folk til eit nettskjema der dei kunne gi sine innspel. No har vi fått ein rapport med innspela, og kven innspelarane var.
Sjå rapport om medverknad her (PDF, 18 MB)
Av totalt 1540 besøkande på nettsida, var det 339 innbyggarar som kom med sine innspel. Eldste deltakar i skjemaet var 76 år, medan den yngste berre var 5 år. I snitt var innspelarane 38 år.
Om ein deler deltakarane inn i tre kategoriar, synar dei seg slik:
0-25: 34%
26-50: 38%
51-80: 28%
Her har vi truleg nådd langt fleire yngre og unge vaksne enn vi hadde klart å nå med tradisjonelle metodar. Få har tid til å delta i folkemøte, men dei fleste har tid til å lese av ein QR-kode, eller følgje ei lenke til ein nettstad.