TV-aksjon 2024 - Sammen for små heltar

TV-aksjonen i år går til Barnekreftforeningen, som skal etablere familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Det er mogleg å gi til TV-aksjonen heilt fram til 1. desember, då blir det endelege resultatet klart.

Kva er TV-aksjonen? 

TV-aksjonen består av ein informasjonskampanje for å auke bevisstgjeringa rundt ei global utfordring, og ein innsamlingsaksjon. Begge delane er like viktige.

NRK eig merkevara TV-aksjonen og NRKs innsamlingsråd tildeler TV-aksjonen. Tildelinga skjer etter søknad frå organisasjonane som ønskjer å få TV-aksjonen. Innsamlingsrådet har også ei viktig oppgåve med å sjå til korleis det innsamla beløpet blir brukt.

Resultat av lokal innsamling

Søndag 20. oktober var over 300 bøsseberarar ute og gjekk årets viktigaste søndagstur i Ålesund. Det resulterte i at det ble samlet inn over 440 tusen kroner. 

I tabellen under kan de sjå kva som er komme inn i dei ulike kommunedelane. 
NB: Dette er berre fysiske pengar som vart putta i bøssa, vipps er ikkje med.

Samla oversikt over heile innamlinga i Ålsund

Dette skjer me aksjonsmidlane nå

Pengane som vart samla inn gjennom TV-aksjonen 2024, vil sørgje for at familiar som har barn med alvorleg sjukdom, får vere saman når dei treng det aller mest.

Ved hjelp av TV-aksjonsmidlane får Barnekreftforeningen no høve til å etablere familiehus. Slik kan familiar med barn med alvorleg sjukdom få vere saman når dei treng det aller mest. Pengane som vart samla inn, vil bidra til å avlaste helsevesenet, førebyggje utanforskap og auke arbeidsdeltakinga. Kvar krone på bøssa i TV-aksjonen i år vil gi 11 kroner tilbake til samfunnet, ifølgje ein rapport frå Menon. Denne unike dugnaden kjem heile Noreg til gode.

Fikk du ikkje gitt?

Du kan fortsatt være med å støtte årets TV-aksjon, via vår digitale bøsse. 

Digital bøsse - Ålesund Innbyggartorg

Tv-aksjonen