Vi legg til rette for auka samspel mellom frivillig arbeid og det offentlege, og hjelper innbyggjarar, lag og organisasjonar med å skape aktivitetar, møteplassar og fellesskap.
Tilboda varierer mellom dei ulike kommunedelane, men alle frivilligsentralane tilbyr råd og rettleiing, formidlar kontakt mellom frivillige og organisasjonar, og er eit bindeledd mot kommunen.
Aktivitetar og tilbod
Under ser du nokre av aktivitetane dei ulike frivilligsentralane jobbar med. Ta gjerne kontakt med oss for å få vite meir om kva vi gjer i nærområdet ditt. Frivilligsentralane er opne for innbyggerintitiativ, og hjelper deg gjerne i gong!
- Fole kjekt å vere sosial og digital
- TV-aksjonen
- Stikk UT!
- Ungdomsklubben Kvalen
- MAKS – Maritimt aktivitetssenter
- Naturmøteplass på Gomerløa
- Turskilting
- Elvastien
- Naturmøteplass på Elvastien
- Krafttak mot kreft
- Juniorkveld
- 11-kaffen
- Nyttårsbad
- Naturmøteplassen på Aksla
- Leikebyttedag
- Innflytterdagen
- Open julefeiring
- Kullingane
- Seniordans
- Bridge
- Språkkurs
- Gjenbrukskafe
- Ulike pensjonistlag/foreninger
- Fleire kultur- og helseaktivitetar
- Aktivitetsvenn (kommer høst 2026)
Gratis lokale til frivillige lag og organisasjonar
Alle frivilligsentralane i Ålesund har lokale som frivillige lag og organisasjonar kan låne utan kostnad.
Ålesund Frivilligsentral
Adresse: Kirkegata 33 (inngang frå Aspegata), 6025 Ålesund
Lokala omfattar to mindre møterom og tre større lokale. Leig lokale på Frivilligsentralen i Ålesund
Kontakt
Sandøy Frivilligsentral
Adresse: Sandøyhagen, Austrevegen 15, 6487 Harøy
Kontakt
Skodje Frivilligsentral
Adresse: Skodje tenestehus, Nihusvegen 3, 6260 Skodje
Her er både små og store møterom tilgjengelege. Leig lokale på Skodje tenestehus
Kontakt
- Telefon: 70 24 40 00
- E-post: skodje.innbyggartorg@alesund.kommune.no
Ørskog Frivilligsentral
Adresse: Tenestehuset på Sjøholt, Øyravegen 11, 6240 Ørskog
Her er det eit stort lokale som også kan leigast til private arrangement.Leig lokale på Ørskog Frivilligsentra
- Sjå oversikt over lokalet og prisar
- Leig lokale ved Ørskog Frivilligsentral
Kontakt
- Telefon: 70 16 59 00
- E-post: sjoholt.innbyggartorg@alesund.kommune.no
Frivilligsentralane si ressursgruppe
Ressursgruppa er frivilligsentralane sitt rådgjevande organ. Ho skal bidra til tettare samarbeid med lokal frivilligheit og styrke samhandlinga mellom frivilligsentralane.
Å vere medlem i ressursgruppa er eit frivillig verv. Medlemmane må være over 18 år, engasjerte i nærmiljøet sitt og ønske å bidra til å utvikle frivilligsentralane.
Ressursgruppa består av to til tre representantar frå kvar kommunedel, i tillegg til tilsette ved frivilligsentralane.
Ressursgruppa kan mellom anna:
- arrangere dialogmøte for frivilligheita
- gi råd og innspel til aktivitetar og prosjekt
- bidra til utvikling av felles satsingsområde
- styrke nettverket rundt frivilligsentralane
- skape tettare samarbeid mellom frivilligheita og kommunen