Nyttig å ha

Det kjem stadig nye produkt som kan gjere kvardagen enklare og tryggare. Her har vi samla nokre forslag du kan sjå nærare på.

Smartklokke

Ei smartklokke kan gjere mykje av det same som du kan med smarttelefonen din – som til dømes å ringje nokon, sende SMS, sjekke e-post eller spele musikk.

Men ho kan òg ha fleire nyttige funksjonar, som GPS, fallalarm som automatisk varslar naudkontaktar eller naudtenestene, søvnmåling og hjarteovervaking.

Vi rår til at du kjøper ei klokke som passar saman med telefonen din, eller same type som eventuelle pårørande brukar.

Pulsklokke

Treng du eit dytt for å kome i gang med fysisk aktivitet, kan ei aktivitetsklokke vere ein liten motivator på vegen.

Det finst mange ulike klokker – frå enkle aktivitetsarmband som gir deg oversikt over kroppen din, til meir avanserte sportsklokker som gir deg informasjon om korleis du har trena, og korleis du kan trene betre.

Klokkene kan kjøpast i sportsbutikkar eller elektronikkbutikkar. Dei tilsette kan hjelpe deg med å finne det produktet som passar best for deg og aktivitetsnivået ditt.

Hjelp til deg med nedsett syn

Du kan tilpasse telefonar, nettbrett, Mac og PC slik at dei kan brukast sjølv om du har nedsett syn eller er blind.

For råd og tips, les meir på nettsida til Helsenorge om syn og kvardagsteknologi.

Synshjelpemiddel er hjelpemiddel du kan søkje om frå NAV Hjelpemiddelsentral.

Robotar

Det finst robotar som kan klippe plenen, støvsuge og vaske vindauge for deg.

Ta ein prat med din lokale elektronikkbutikk eller byggevarehus for å høyre meir om utval og pris.

KOMP

Komp er ein datamaskin med éin knapp som gjer det enklare å halde kontakten med familie og vener – også for dei som ikkje brukar moderne teknologi. Les meir om KOMP.

Komfyrvakt

Du bør ha komfyrvakt som hindrar komfyrbrann.

Det er krav om komfyrvakt i alle nye bustader og dersom det blir lagt ny kurs til komfyren. Dei same reglane gjeld for fritidsbustader. Det betyr at komfyrvakta skal vere installert som ein del av det faste elektriske anlegget. Kravet kom i 2010. Om kjøkenet ditt er eldre enn dette, bør du ettermontere komfyrvakt.

Les meir om komfyrvakt på sikkerhverdag.no.

Nyttige appar