Logo NOVU 2026Om NOVU – Nordisk vennskapsbyuke for unge
Sidan 1947 har ungdomar frå dei 5 kommunane Randers, Västerås, Lahti, Akureyri og Ålesund møttes kvart år. NOVU er ei sosial og lærerik veke der ungdom møtes. Deltakarane får nye venner, kulturelle opplevingar og deltek i workshops på dagtid og sosiale aktivitetar på kvelden.
Arrangementet roterar kvart år mellom byane, og gir ungdom moglegheit til å oppleve ulike nordiske stader.
Kvar by sender 17 ungdommer og 2 gruppeleiarar, samt fem politikarar og embetsfolk som deltek i møte og erfaringsutveksling.
NOVU er for ungdom mellom 16 til 20 år.
NOVU 2026 i Ålesund
NOVU vert alltid arrangert den første veka i skulen sin sommarferie. For 2026 blir det i perioden 29. juni - 3. juli (uke 27).
Tema for NOVU 2026 er Demokrati og beredskap.
Programmet for NOVU-besøket 2026
Ungdomsprogrammet
Alle ungdomar skal delta på ein workshop. Dei kan velgje mellom desse 4:
- Urban Farming
- Havet som beredskapsressurs
- NOVU-veggen (kunst og kultur som mobilisering)
- Media (media speler ei viktig rolle i demokratiet)
Det er ei rekke andre aktivitetar for ungdomane, både sentrumsrebus, besøk på Kaoskollektivet på Moa , møte mellom ungdomane og politikarane, dagsutflukt til Ona og det heile kulminerer siste dagen med presentasjon av det dei har jobba med i workshopane, før det blir fin fest og god mat med Nordisk aften.
Program for politikarane og administrasjonen
Her vert det besøk på Aalesunds museum, synfaring i ytre bydel med både Osane, Hessa skule og Ringgata leikeplass på programmet. Det blir besøk på Moa, både Kaoskollektivet, Moa bibliotek og Moa kultursenter står på programmet. Ei byvandring får vi tid til. Det er viktig å tilbringe tid med ungdomane for erfaringsutveksling og drøftingar. Difor skal vi ete lunsj med ungdomane kvar dag, ha drøftingsmøter og oppleve presentasjonane av Workshops som ungdomane skal ha. Det blir felles dagstur til Ona på onsdag.
Ein viktig del av politikarprogrammet er erfaringsutveksling, der alle landa presenterer korleis dei arbeider med eit gitt tema. Det er også ein tradisjonell offisiell middag som vert halde av kultursjefen.
Siste kvelden vert avrunda med Nordisk aften, saman med ungdomane.
Påmelding
Vil du bli med på årets NOVU 2026 i Ålesund?
Meld deg på