Kven kan få følgjekort?
- Har du ei fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting som varer minimum 2 år, kan du få følgjekort.
- Følgjekort blir tildelt uavhengig av søkjar sin økonomi eller livssituasjon.
- Det er ingen øvre eller nedre aldersgrense.
Formål
Formålet med ordninga er å førebyggja isolasjon og bidra til auka livskvalitet. Den som har ein funksjonsnedsetting som gjer at ein treng følgje for å delta på kultur- og fritidsarrangement eller nytte offentleg transportmiddel, skal med følgjekortet kunne ha med seg eit følgje, utan at den personen treng å betale for billetten.
Korleis bruke følgjekortet?
- Det er berre følgjepersonen som får rabatt eller gratisbillettar. Den som eig eit følgjekort betalar for seg sjølv.
- Korthaldar vel sjølv følgjepersonen sin, og kan ha ulike følgjepersonar frå gong til gong.
- Det er den enkelte arrangør som bestemmer kva rabatt dei ønskjer å gi.
- Følgjekortet kan også nyttast på transportmiddel der ordninga blir akseptert.
Ordninga er landsdekkjande, og du kan nytte følgjekortet på tvers av kommunegrenser.
- Arbeideren
- Atlanterhavsparken
- Barnas lekeland
- Brattvåg kino
- Bybadet Ålesund
- Epic AktivPark
- Escape room
- Fiskerimuseet
- Gomerhuset
- Håp i havet
- ID-huset
- Jugendstilsenteret og KUBE
- Løvenvold kino
- Middelaldermuseet
- Moa svømmehall
- Odeon kino
- Parken kulturhus
- Sportsparken Vegsund
- Sunnmøre museum
- Terminalen byscene
- T2 Ålesund
- Ørskogfjell skisenter
- Ørskog kino
- Aalesunds FK – heimekamp: Følgjekort er akseptert, mot at kortinnehaver har ein billett. Ledsager kjem då gratis inn. Det er ikkje mogleg å kjøpe billett til ledsagere
gjennom nettsida. Dette må gjerast i billettluka, eller ved å sende ein e-post til billett@aafk.no
- Atlanterhavsparken
- Bjørneparken
- Bø Sommarland
- Bybadet i Ålesund
- Dyreparken i Kristiansand
- Epic Aktiv Park, Digerneset
- Hunderfossen (har og «Først i køen»-bevis)
- Kongeparken
- Langedrag (Halv pris til ledsager)
- Lilleputthammer (kun 1 følgje får gratis adgang)
- Namsskogan Familiepark
- Polaria i Tromsø
- Tusenfryd
- Valldal aktivitetspark (Følgje får redusert pris)
- Ørskogfjell skisenter
Om du ser noko som manglar inne på lista, er det fint om du sender ein e-post til sjoholt.innbyggartorg@alesund.kommune.no , så får vi supplert.
Pris
Det er gratis å få følgjekort. Mistar du kortet, må du betale kroner 68,- for å få laga eit nytt.
Sjå pris for følgjekort.
Slik søkjer du
Søk følgjekort/ledsagerbevis
Dette må du legge ved søknaden:
- Eit bilete av nyare dato og god kvalitet.
- Uttale frå lege eller helsepersonell på at du har behov for følgje for å kunne delta på aktivitetar.
Dersom du har behov for hjelp, ta kontakt med innbyggartorget.
Det er ingen søknadsfrist, søknader blir behandla fortløpande.
For barn vil kortet normalt bli skrive ut for 3 år i gongen. For vaksne vil det normalt bli skrive ut for minimum 2 år i gongen. Ønskjer du å fornye følgjekort, sender du inn ny søknad.
Klage
Om du meiner noko i avslaget er feil, kan du i høve forvaltningslova § 28, 2. ledd, klage på vedtaket. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg, grunngjeven og underteikna.
Klagen skal sendast til Ålesund kommune, postboks 1521, 6025 Ålesund.