I 2025 er det Friluftslivets år.
Norsk friluftsliv, fellesorganisasjonen for dei 19 store friluftslivsorganisasjonane i Noreg leiar førebuingane av Friluftslivets år. Organisasjonar og lag over heile landet vil tilby og arrangere mange ulike aktivitetar. Det kan vere gåturar, sykling, sanketurar, fisketurar og mykje meir.
Ønske for året er at alle skal finne si friluftsglede. Friluftsliv og naturopplevingar er bra for både fysisk og psykisk helse.
Håpet er at folk vil la seg inspirere til å bruke turområde der dei bur oftare, og bli kjent med friluftslivsaktivitetar dei kan oppleve saman med andre.
Laurdag 18. januar går startskotet for Friluftslivets år med “Hele Norge båler”.
I Ålesund vert det fyrt opp bål på desse stadene:
Dam 2 på Aksla
DNT-naustet i Nørvasundet
Elvaløa på Sjøholt
Emblemsanden
Emblemsfjellet/Østrem
Gomerløa på Skodje
Grindstova på Stafsetneset i Vegsundet
Tueneset
Sjå i kommunens aktivitetskalender for arrangement i Friluftslivets år.
Sist endra 07.03.2025 12.39