Besøksgard - Borgund Dyreklubb

Borgund Dyreklubb er ein kommunal besøksgard og ein plass for alle som elskar dyr og natur. 

Borgund Dyreklubb er ein kommunal aktivitets- og besøksgard og ein plass for alle som elskar dyr og natur. 

På garden er det hestar, ponniar, grisar, kaninar, marsvin, fuglar, kalkunar, høner og ender, chinchilla og kattar. Dyreklubben har eit stort uteområde med gapahuk og utebibliotek, lavvo, leikeområde for dei minste, terrasse og grillplass og eiga strandlinje, og ligg mellom Ålesund sentrum og Moa, i Borgundgavlen ved Borgund kyrkje og Sunnmøre Museum, nærmaste busstopp er Sunnmøre museum med 5 min gangavstand til gården.

Garden som pedagogisk ressurs 
Borgund Dyreklubb tilbyr skreddarsydde tiltaksplassar med ulike opplegg og ein alternativ læringsarena for enkelte elevar eller mindre grupper med behov for tilrettelagd opplæring i samarbeid med skolar, føresette, tospråklege lærarar, PPT, ressursteam og andre støttespelarar. Eigen gardspedagog er til stades og elevar får bl. a. praktisk alternativ opplæring i naturfag, samfunnsfag, mat og helse, engelsk og norsk. Gardspedagogen har veldig god erfaring og kompetanse innan dei ulike skulefaga og spesialpedagogikk, har jobba fleire år i utland og i Noreg på grunnskule. Alle skal ha det trygt og godt, oppleva meistring og læring, inkludering og ha ein meiningsfull (kvar)dag. 

Ungdomsskoleelevar er også velkomne til jobbskuggedag og praksisveke/PRYO, og elevar frå VGs er velkomne til praksisveke på garden. For elevar frå Voksenopplæring tilbyr Borgund Dyreklubb sprakpraksis og/eller arbeidstrening i samarbeid med NAV. Søk plass i god tid på førehand!

For barnehage- og skoleklassar tilbyr Borgund Dyreklubb besøk med pedagogisk opplegg, prosjekt- og temadagar med læring om dyr, natur og dyrevelferd, fôring av dyr og dyrestell, språkstimulering og språklæring og mange kjekke gardsaktivitetar. Gruppebesøk må bestilles på forhånd. Send en epost til judith.damm@alesund.kommune.no.

Fritidsaktivitetar / gruppeaktivitetar 
Borgund Dyreklubb tilbyr fleire fritidsaktivitetar for born og unge på vekedagar og helg, og har forskargruppe, dyrevenngruppe, fleire hestepassarar og fôrryttarar og aktiv laurdag gruppe. Også er det ferietilbod, aktivitetsdagar, dagsleir, overnattingsleir og sommarskole på garden. Mange aktivitetar er gratis og arrangeres i samarbeid med Borgund Dyreklubb Frivillig Organisasjon.

Dyreklubben har også arrangement for heile familien og inviterer fire gonger i året til spennande gardsopplevingar for store og små. Det blir arrangert påskeeggjakt, sommarfest, hausttakkefest og jul på garden. Også er tilbod om barneriding på utvalde dagar og moglegheita for å feira bursdagen på garden.

Åpen gård 
Besøkende er velkomne kvar dag kl.12-18. Prisen er kr 20,- p.p. og betales med vipps eller kontant ved inngangen. 
Egne priser for arrangement, alternativ opplæring, gruppebesøk og pedagogisk opplegg.

Les meir om opplegg, arrangement og prisar for besøk.

Les meir på nettsida til Borgund dyreklubb

Opningstid
Måndag - søndag kl. 12-18.

Adresse
Borgundgavlen 51, 6015 Ålesund

Følg gjerne Borgund dyreklubb på Facebook