
Ålesund kommune inviterer til samlingar gjennom heile dagen og heile kommunen på frigjeringsdagen og veterandagen 8. mai.
Dagen blir avslutta med ei samling for veteranar og innbedne gjester. Elles er alle arrangementa gjennom dagen opne og vi ønsker velkomen til alle som vil vere med på samlingane.
Program for dagen
- Kl. 08.20: Sandøytunet, flaggheising
- Kl. 08.35: Harøy Kyrkje/gravplassen, blomster og tale, begge minnesmerka og grava til den ukjente soldat.
- Kl. 09.15: Harøy skule, markering
- Kl. 11.10: Ørskog kulturhus, tale og blomster ved minnestøtte reist ved 50-årsmarkering etter frigjeringa.
- Kl. 12.20: Skodje, Jentekolonien, tale og blomster ved minnesmerke
- Kl. 12.35: Skodje barne- og ungdomsskule, markering
- Kl. 13.25: Spjelkavik barneskule, markering
- Klokka 17: Minnestund ved monumentet “De falne til minne” ved Ålesund kyrkje.
- Tale v/ordfører Håkon Lykkebø Strand.
- Korpset spelar og leier marsjen vidare mellom dei ulike minnesmerka.
- Kl 17.30: Samling ved monumentet over Englandsfarten, Skateflukaia.
- Helsing v/leiar Sofie Gjervik i Ålesund ungdomsråd.
- Helsing v/nestleiar Per Espen Soleim i Møre og Romsdal Røde Kors.
- 17.40 Samling ved monumentet over Margit Johnsen (Malta-Margit), Skateflukaia.
- Tale v/digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Oldernes Tung
- 18.00 Samling ved minnesmerket over krigsseilerne 1939 - 1945, Skansekaia.
- Helsing v/Birger Flem og Steinar Klokk, på vegner av Aalesunds Skipperforening.
- 18.45 Samling ved Joachim H. Rønneberg-statuen, Joachim H. Rønnebergs plass.
- Tale v/stortingsrepresentant Mahmoud Farahmand.
- Medaljeutdeling til veteranar v/sjef Ålesund HV, major Karl Anton Lorgen
Etter det offisielle programmet er over blir det samling i bystyresalen for veteranar med følgje og andre spesielt inviterte frå kl 19-20.30. Servering av kaffi og kaker. Påmeldingsfrist til veteransamlinga er 1. mai, via e-post til veteranforeninga: sunnmore@nvio.no.
Programmet blir oppdatert med nærare detaljar.
Tips oss
Har du tips til andre relevante arrangement? Send ein e-post til kommunikasjon@alesund.kommune.no.
Sjå også
Veteranarbeid i kommunen