Etiske normer og verdiar

Ålesund kommune skal ha ein høg etisk standard, og både tilsette og politikarar skal ha verdiane Open, Engasjert og Modig som rettesnor.

Heile organisasjonen skal vere prega av openheit og refleksjon, slik at dette kan danne grunnlag for tillit mellom tilsette, politikarar og innbyggarar. Etisk standard skal medverke til etisk forsvarleg praksis, og samspele med kommunen sitt verdigrunnlag.

Både politikarar og tilsette skal lære om anti-korrupsjonsarbeid og om korleis dei kan verne seg mot korrupsjon.

Etisk standard for tilsette og folkevalde - vedtatt 12.12.19 (PDF, 4 MB)

Tilsette og politikarar kan i arbeidet sitt søke inspirasjon frå Verdiplakaten si konkretisering av kva det vil seie å vere Open, Engasjert og Modig.