Ålesund kommune meiner at internasjonalt samarbeid er viktig, og skal vere ein aktiv deltakar i venskapsbysamarbeid. Venskapsbyane er ein del av kommunen sitt internasjonale engasjement og skal bidra til kunnskapsutveksling, samarbeid og auka forståing mellom menneske, kulturar og samfunn.
Kommunestyret vedtok 1. juni 2023 å vidareføre det nordiske venskapsbysamarbeidet med Lahti i Finland, Akureyri på Island, Västerås i Sverige og Randers i Danmark. I tillegg har kommunen historiske eller formelle venskapsforbindelsar utanfor Norden.
Kva er ein venskapsby?
Ein venskapsby er ein by eller kommune som Ålesund har eit formelt samarbeid med. Slike samarbeid kan omfatte:
- kultur- og ungdomsutveksling
- erfaringsdeling mellom kommunale tenester
- samarbeid om berekraft og samfunnsutvikling
- kontakt mellom frivillige organisasjonar, institusjonar og lokalsamfunn
- internasjonal forståing og solidaritet
For Ålesund kommune skal venskapsbysamarbeid støtte opp under måla i kommuneplanen, bidra til berekraftig utvikling og vere i tråd med FNs berekraftsmål.
Ålesund sine nordiske venskapsbyar
Det nordiske venskapsbysamarbeidet starta i 1947 og er ein del av ein europeisk tradisjon som voks fram etter andre verdskrigen. Samarbeidet byggjer på eit felles ønske om fred, gjensidig forståing og kunnskap om kvarandre sin kultur og identitet.
Ålesund kommune vidarefører samarbeidet med desse nordiske venskapsbyane:
Samarbeidet mellom dei fem nordiske byane har eksistert i over 70 år. Tidlegare handla samarbeidet i stor grad om kulturutveksling, men dei siste åra har det i større grad vore retta mot erfaringsutveksling og samfunnsorienterte tema. I inneverande periode er FNs berekraftsmål eit hovudtema.
Slik samarbeider vi
Det nordiske venskapsbysamarbeidet omfattar fleire møteplassar og aktivitetar.
Kontaktmannsmøte
Det blir arrangert årlege kontaktmannsmøte mellom ordførar og kommunedirektør i dei fem venskapsbyane. Vertskapet går på omgang mellom byane. Kontaktmannsmøta har også ansvar for å utarbeide mål og retningslinjer for samarbeidet i fireårsperiodar.
NOVU – nordisk venskapsbyveke for ungdom
Ålesund deltek i NOVU, nordisk venskapsbyveke for ungdom. Her møtest ungdomar frå venskapsbyane til årlege samlingar. Samlingane har aktivitetar og tema som viser korleis nordisk ungdom kan bidra til å nå FNs berekraftsmål.
Kommunestyret har vedteke at NOVU skal styrkjast og framleis vere organisert under kultur og fritid.
Norsamby – nordisk samarbeid for barnehage
Ålesund deltek også i Norsamby, eit nordisk venskapsbysamarbeid for barnehagesektoren. Samarbeidet har eksistert sidan 2001 og er organisert under oppvekst.
Målet er å utvikle og styrkje det nordiske barnehagesamarbeidet gjennom å dele erfaringar og setje søkjelys på noverande og framtidige pedagogiske satsingar i barnehagane i venskapsbyane.
Andre venskapsforbindelsar
I tillegg til dei nordiske venskapsbyane har Ålesund historiske eller formelle venskapsforbindelsar med:
- Peterhead, Skottland
- Borgo a Mozzano, Italia
- Tacoma, USA
- Voi, Kenya (opphavleg formell venskapsby med tidlegare Skodje kommune i 2006)
Desse samarbeida er omtala i kommunen sitt saksgrunnlag som samarbeid som treng vidare utgreiing og ny vurdering før det kan takast endeleg stilling til vidareføring og eventuell revitalisering.
Mål med venskapsbysamarbeidet
Det er fleire mål for venskapsbysamarbeidet:
- auka kulturell og sosial utveksling
- auka forståing og samarbeid mellom kulturar og samfunn
- deling av kunnskap og erfaringar innan mellom anna kommunal administrasjon, miljø og utvikling
- moglegheiter for samarbeid med næringsliv, akademia og frivillige aktørar
- styrkt omdømme og internasjonal synlegheit for Ålesund
Venskapsbysamarbeidet kan også kunne vere eit strategisk verkemiddel for tenesteutvikling, prosjektarbeid og internasjonalt samarbeid på tvers av sektorar.
Samarbeidet skal vere relevant for kommunen sine oppgåver og utviklast i tråd med vedtekne mål, prioriteringar og rammer.