Reglement for bruk av Ålesund kommune sitt ordførarkjedeOrdførarkjeda er eit symbol på at ordføraren er kommunen sin fremste representant i utøving av si gjerning i høgtidlege samanhengar, både i og utanfor Ålesund kommune.§1: I desse tilstellingane skal ordførarkjeda brukast:Mottaking i kommunal regi. Middagar og andre tilstellingar der kommunen er vertskap.Når offentlege anlegg skal innviast og ordføraren er invitert.Deltaking på større møte, kongressar og liknande der ordføraren representerer kommunen.Overrekking av utmerkingar.Besøk av kongelege gjestar.Under opning av kommunestyremøta.§2. Slik skal kjeda berast:Kjeda skal berast og overrekkast ved skifte av ordførar. Kjeda skal berast utanpå pent og korrekt antrekk. Kjeda skal normalt ikkje berast saman med uniform. Kjeda skal normalt ikkje berast saman med dekorasjonar, ordenar, medaljar, heidersteikn, utmerkingar ol. Dette gjeld også andre jakkeslagmerke eller anna som kan virke forstyrrande. I situasjonar der varaordførar representerar ordføraren kan varaordførar bere kjeda.§3. Slik skal ordførarkjeda ikkje brukastOrdførarkjeda skal brukast i eigen kommune. Dersom det skal brukast i ein annan kommune skal dette avtalast med den aktuelle kommunen på førehand.§4. Forvaltning av kjedaKommunedirektøren har ansvar for forvaltning av kjeda. Ordførar har ansvar for handheving av reglar for bruk. Reingjering og vedlikehald skal utførast av kvalifisert personell.§5. Mynde for reglementDet er kommunestyret som vedtek reglement for bruk av ordførarkjede. Sist endra 01.02.2024 11.02