Ålesund kommune har direkte eigarandelar i aksjeselskap, interkommunale selskap, kommunale føretak, samt engasjement i stiftingar/sjølveigande institusjonar. Vidare deltek Ålesund kommune i større og mindre interkommunale samarbeid. Eit samleomgrep for slike organisasjonsformer er føretak.
Samla vert det forvalta store verdiar i desse føretaka. Målet er å utøve eit eigarskap som samla sett skal bidra til god utvikling av føretaka, langsiktig verdiskaping og tydeleg styring. Dette krev tydelege føringar, rolleavklaring og open dialog mellom eigar og føretak.
Det har blitt utarbeidd ei eigarskapsmelding for Ålesund kommune, som skal legge til rette for at kommunen kan utøve eit eigarskap som samla sett skal bidra til god utvikling av føretaka, langsiktig verdiskaping og tydeleg styring.
Ålesund kommune si eigarskapsmelding (PDF, 921 kB) - vedtatt i Ålesund kommunestyre 22.4.2021 i sak 54/21.
Ålesund kommune si eigarskapsmelding skal :
- Tydeleggjere korleis Ålesund kommune vil utøve ein overordna eigarskapspolitikk.
- Den overordna eigarskapspolitikken har mål om å danne grunnlag for klare retningsliner til føretaka og forenkle samarbeidet der ein har fleire eigarar. Overordna forventningar, mål og prinsipp gjeld uavhengig av føretaksform og kva for målsettingar kommunen(- ane) har med føretaket. Eigarstyringa skjer av dei folkevalde samla og ikkje av enkeltpolitikarar.
- Gi ei samla oversikt over alle kommunen sine eigarposisjonar.
- Eit utval av føretaka har ei nærare omtale gjennom eigen eigarskapsstrategi av føremål og målsettingar med eigarskapen. Dette skal danne grunnlaget for ein god styringsdialog, ved å gi føretaka signal om kva for strategiar og forventningar eigar har.
- Vise aktørbildet og roller, samt korleis eigar vil utøve eigarskapsoppfølging gjennom klargjering av roller og aktivitetar i eit årshjul.
Eigarskapsmeldinga er tredelt:
- Generell del: Overordna eigarskapspolitikk
- Overordna eigarskapspolitikk og prinsipp for eigarstyring, overordna mål og forventningar.
- Spesiell del: Om eigarposisjonar
- Oversikt over Ålesund kommune sine eigarposisjonar og nærare omtale om føremål og eigarstrategi for eit utval av føretaka.
- Roller, ansvar og årshjul for eigarskapsoppfølging
- Synleggjer politiske og administrative roller og ansvar, kontaktpunkt for føretaka, og årshjul for kommunen si oppfølging av eigarskap.
Eigarskapsutvalet er eit politisk oppnemnd fast utval, som har ansvar for eigarskapsoppfølging mellom representantskapsmøter og generalforsamlingar.
Sakliste og møteprotokollar til eigarskapsutvalet