Sikker post til kommunen (eDialog)

Bruk eDialog når du sender oss dokument. Da kan du være sikker på at sensitive og teiepliktige opplysningar blir varetekne på ein trygg måte.

Derfor bør du bruke e-dialog

Å sende dokument via e-post kan vere usikkert, i tillegg kan dei bli stoppa i spamfilteret hos e-postleverandøren din. Ved å bruke eDialog kjem dokumenta dine raskt fram til oss på ein enkelt og trygg måte.

Vi oppmodar både privatpersonar, bedrifter og organisasjonar til å nytte eDialog til å sende dokument trygt inn til oss.

Slik brukar du e-dialog

  1. Send sikker digital post til Ålesund kommune
  2. Logg deg på med elektronisk ID.
  3. Skriv melding og last opp eventuelle dokument du vil sende til oss (dokumenta må vere i pdf-format).

Slik fyller du ut skjemaet

  • Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne).
  • Tittel: Her skal du fylle inn kva saka gjeld, gjerne saksnummeret om du kjenner til det.
  • Melding: Gi ei god beskriving av kva saka gjeld.
  • Hugs å laste opp relevante vedlegg (må vere i PDF-format).
  • Vel om forsendinga har sensitivt innhald.
  • Fyll ut informasjon om avsendar.
  • Sjå gjennom oppsummeringa, og klikk på “Send skjemaet”. Forsendinga blir kryptert og sendt direkte til vårt saks-/arkivsystem.
  • Du får kvittering med referansenummer på e-post.
     

Når treng du ikkje bruke eDialog?

  • Du har enkle spørsmål som kan svarast på via e-post.
  • Førespurnaden din inneheld ikkje sensitive eller teiepliktige opplysningar.