Korleis loggar eg på Microsoft 365?
-
Tilsette kan få tilgang til Microsoft 365 frå adressa https://portal.office.com eller ved å bruke Teams-appen på mobil. Du kan logge deg inn med nettverksbrukaren din.
Korleis kjem eg inn på intranett?
Intranett er ein lukka portal for tilsette som du får tilgang til gjennom Microsoft 365. Der finn du viktig informasjon og nyheiter for deg som tilsett, lenker til fagsystemer og verktøy som personalhandbok, lønsinformasjon, rutinar og kvalitetssystemet Compilo.
Intranett kan du sjå i nettlesaren eller som startside på Teams.
Korleis kan eg lese jobbmailen min heimanfrå eller på mobil?
Alle tilsette har tilgang til e-postboksa si via intranett, som du får tilgang til via Office 365.
Korleis sjå turnus og registrere arbeidstid?
Tilsette i Ålesund kommune skal bruke MinGat for å sjå eigen arbeidsplan og registrere arbeidstid. Du får også informasjon om avdelinga, som vaktbok, liste over tilsette og ledige vakter.
Logg deg på MinGat her.
Tilsette i kommunale selskap som brannvesenet, 110-sentralen, Ålesund - og Sunnmøre parkering og Ålesund kommunale eigedom skal bruke ein annan versjon av programmet: MinGatBrann
Korleis kan eg sjå lønnsslippen min?
Ved å laste ned appen Visma employee til mobiltelefonen din vil du få full oversikt over tidlegare lønnsslippar. Du får også varsel når ein ny lønnsslipp er tilgjengeleg, og vil til kvar tid ha oversikt av lønn, utlegg og trekk.
For å kunne ta i bruk appen må du registrere inn mobilnummeret ditt i Visma Enterprise Plus under "Mi side", personalia og mobil privat. Visma Enterprise Plus finn du på intranett.
Eigenmelding ved sjukdom
Om du ikkje kan gå på jobb skal du melde frå til leiar. Leiar opprettar skjema for eigenmelding i MinGat for dei som brukar det, andre nyttar skjema frå personalhandboka.
Korleis finn eg...
Skolar: Innlogging på IST for lærarar her, det skoleadministrative systemet.
IKT-brukarstøtte
Brukarstøtte IT kan hjelpe deg med følgjande; passordskifte, tilganger, PC problem, Microsoft Office, e-post, installasjon av programvare, nettverk/trådlaus aksess, telefoni, skjerm, VPN løysing, utskrift, bestilling av PC (leiar) og bestilling av skrivar (leiar).
- Meld saka på vår IKT Brukarportal
- Meld saka ved bruk av e-post adressa it-support@alesund.kommune.no
- Om du ikkje får logge deg på PC-en / e-post, eller feilen fell under kategorien høg eller kritisk, kan du ringe (70 16) 29 99.
Reglement for tilsette
Her finn du reglement som gjeld for tilsette i Ålesund kommune.