Oppgåver i kommunalområde samfunn
Kommunalområde samfunn har ei sentral rolle i å bygge, utvikle og forme våre fysiske omgjevnadar. Kommunalområdet skal også legge til rette for sosial, kreativ og fysisk aktivitet, i form av ulike kultur- og fritidstilbod.
Frå klarinett til kommunekart
Kommunalområdet er samansett av til dels svært ulike tenesteområde som er gjensidig avhengige av kvarandre for å kunne levere effektive og gode tenester.
Tenestene dekker behov på dei lågaste trinna i innsatstrappa, og er heilt sentrale for å skape gode lokalsamfunn for innbyggarane, både i by- og tettstadsområda og i dei mindre tettbygde delane av kommunen. Kommunalområde samfunn har også ei sentral rolle i å gjere kommunen attraktiv for næringsutvikling og tilflytting.
Ansvaret som ligg til kommunalområdet omfattar med anna:
- Rensing av drikke- og avløpsvatn
- Snøbrøyting og anna drift langs kommunale vegar
- Handsame planar og søknadar om bygging
- Planlegging og utbygging av teknisk og grøn infrastruktur
- Forvalting og utøving av mynde knytt til land- og sjøareal
- Legge til rette for eit mangfald av kultur- og fritidsaktivitetar
- Legge til rette for innbyggarmedverknad
Team samfunn - leiing
Verksemdsleiarar
Kommunalområdet er organisert i 6 verksemder med kvar sin verksemdsleiar: