Oppgåver i kommunalområde samfunn
Kommunalområdet er samansett av til dels svært ulike tenesteområde, som er gjensidig avhengige av kvarandre for å kunne levere effektive og gode tenester.
Tenestene dekker behov på dei lågaste trinna i innsatstrappa og er heilt sentrale for å skape gode lokalsamfunn for innbyggarane, både i by- og tettstadsområda og i dei mindre tettbygde delane av kommunen.
Kommunalområdet samfunn har ei sentral rolle i å gjere kommunen attraktiv for næringsutvikling og tilflytting. Ansvaret som ligg til kommunalområdet omfattar forvaltning og utøving av mynde knytt til land- og sjøareal i kommunen, planlegging og utbygging av teknisk og grøn infrastruktur, tilrettelegging for innbyggarmedverknad og eit mangfald av kulturaktivitetar.
Team samfunn - leiing
Verksemdsleiarar