Ved Ørskog omsorgssenter skaper vi eit godt bumiljø for eldre med behov, gjennom medisinsk behandling, pleie, rehabilitering og tilbod for personar med demens.

Avdelingar
Ørskog omsorgssenter har to sjukeheimsavdelingar, totalt 17 plassar:
- Skjerma langtidsavdeling for demente: 10 plassar.
- Somatisk avdeling med 7 langtids-/korttids- og avlastningsplassar.
Ørskog omsorgssenter har storkjøkken:
Storkjøkkenet er eit servicetilbod som tilbyr mat til desse tenestene:
- Matombringing til heimebuande i omsorgsbustader
- Matombringing til andre heimebuande
- Matombringing til dagtilbod
- Matombringing til institusjon
Aktivitetar
- Tilstelningar med eksterne aktørar: Konsertar, dans, musikk, foredrag med lysbilde og andre kulturinnslag.
- Vi disponerer ein elektrisk sykkel med plass til to passasjerar
- Sansehage i skjerma omgivnader
- Tradisjonelle årlege arrangement som: Julekaffe og Jonsokfeiring
- Vi har ei aktiv pårørandeforeining som stiller opp som medhjelparar på ulike arrangement.
- Frisør
- Fotterapeut
Kontakt
Besøksadresse: Sjøholtvegen 82, 6240 Ørskog
Postadresse: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Søk etter kontaktinformasjon
Sist endra 25.02.2025 14.57